Aurland: Dei fire tunnelane som skal oppgraderast er Gudvangatunnelen, Fretheim- , Onstad- og Flenjatunnelen, alle i Aurland kommune.
Målet er at tunnelane etter dette arbeidet skal tilfredsstille dagens krav, og forventa standard, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.
Arbeidet startar opp natt til 2. august i Fretheimstunnelen. For alle tunnelane skal arbeidet vera ferdig hausten 2018. Arbeidet skal pågå kveldar og netter mellom 20.00 og 05.30, seks dagar i veka utanom natt til søndag.
Trafikken som vert slept gjennom, skjer i kolonner, og Vegvesenet opplyser at her kan ventetida bli på ein time, til tider lenger ved spesielle arbeidsoperasjonar i tunnelane.
I Gudvangatunnelen skal det sprengast ut fjell for å få plass til nytt teknisk bygg og utstyr i tunnelen. Dette vil ta om lag eitt år. I tillegg kjem eit stort arbeid med nye elektroinstallasjonar og opprusting av tryggleiksutstyret.
I Fretheim- , Onstad- og Flenjatunnelen skal det gjerast elektro-arbeid parallelt med sprengingsarbeid i Gudvangatunnelen. Her blir det eige kolonneopplegg.
Når arbeidet er utført, vil det vere nytt lys, ny ventilasjon, kamera- og radarovervaking, nye naudstasjonar med brannapparat og telefon, nye evakueringslus, nye tekniske bygg med tranformatorar og fjernstyrte informasjonstavler på tilførselvegane.