EIN AV TO: Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen la fredag fram at E134 Haukeli blir ein av to nye hovudvegar mellom aust og vest. Foto: Flickr/Samferdselsdepartementet.
EIN AV TO: Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen la fredag fram at E134 Haukeli blir ein av to nye hovudvegar mellom aust og vest. Foto: Flickr/Samferdselsdepartementet.

Omkamp mellom Vidda og Hemsedalsfjellet

E134 Haukeli er vald som ny hovudveg mellom aust og vest, medan E16 Filefjell er ute. 

I ein pressekonferanse på NRK fredag morgon, la samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen fram E134 Haukeli som den nye hovudvegen det skal satsast på mellom aust og vest, for å dekke den sørlege delen av Noreg. 

Samferdselsministeren legg vekt på at forbetrigane av vegen vil redusere reisetid og gi betre køyreforhold vinterstid, gjennom bygging av fleire tunnelar. 

Ein av to

Då det skal velgast to hovudvegar mellom aust og vest, blir det dermed omkamp mellom Rv 7/ Rv52 Hemsedalsfjellet og Rv7 Hardangervidda.

NRK Buskerud skriv at Solvik-Olsen meiner at lastebilnæringa vil ha Rv52, då det er mindre høgdeforskjell på vegen, medan bergensarane vil ha Rv7 fordi den er kortare. 

Men før svaret er klart skal det ei breiare utgreiing til for å finne ut kva som er mest praktisk og fornuftig. Målet er at det endelege valet skal inn i Nasjonal transportplan om eit år. 

– Skuffa

Noralv Distad, leiar i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane og ordførar i Aurland, seier til NRK Sogn og Fjordane at han er skuffa over at det ikkje kom ei endeleg avklaring for Rv52 Hemsedalsfjellet som hovudveg.

Han fortel at dei no vil jobbe inn mot dei sentrale politikarane i samferdsledepartementet og Stortinget, då mobiliseringa rundt Rv7 Hardangervidda har vore stor. 

Til toppen