FJELLOVERGANGAR: - Valet mellom Hemsedal og Hardangervidda er ei svært viktig avgjerd, som berre har eitt rett utfall. Foto: arkiv
meiningar
FJELLOVERGANGAR: - Valet mellom Hemsedal og Hardangervidda er ei svært viktig avgjerd, som berre har eitt rett utfall. Foto: arkiv
meiningar

Omkampen om fjellovergangane aust-vest

Les kronikken til fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Føllingen, der temaet er val av prioriterte fjellovergangar

Kronikk: Valet mellom Hemsedal og Hardangervidda er ei svært viktig avgjerd, som berre har eitt rett utfall. Legg ein til grunn utbyggingskostnad, samfunnsnytte, faglege råd og tunge landsdekkande organisasjonar og myndigheiter sine tilbakemeldingar må valet vere Hemsedalsfjellet. Saman med E134 med arm til Bergen vil dette vere ei løysing som tener heile Vestlandet.

Vel ein Hardangervidda framfor Hemsedalsfjellet får samfunnet ei negativ avkastning på si investering som er fleire milliardar høgare, og til ein vesentleg høgare kostnad enn for Hemsedalsfjellet. Vis meg den bedrift eller næringslivsaktør som hadde vald eit slikt alternativ.

I løpet av det siste året har både vegstyresmakter, interessegrupper og politikarar blitt kasta ut i ein ny kamp om kva som skal verte prioriterte fjellovergangar aust-vest i landet vårt. Ikkje lenge etter Statens vegvesen hadde lagt fram eit svært grundig arbeid i si aust-vest-utgreiing kom ei ekstra bestilling frå regjeringa om ei eiga konseptvalutgreiing (KVU) der fjellovergangane Hardangervidda og Hemsedalsfjellet vart sett opp mot kvarandre. Konklusjonen frå Statens vegvesen var i utgangspunktet klar: Ein skulle prioritere to fjellovergangar aust-vest og desse skulle vere E134 Haukelifjell med arm til Bergen og Rv. 52 Hemsedalsfjellet.

Etter ein omfattande høyringsrunde viste det seg at tunge nasjonale organisasjonar som NHO, LO, Noregs Lastebileigarforbund med fleire støtta vegvesenet sine konklusjonar. Men, nokon i det politiske miljøet rundt Bergen likte ikkje vegvesenet sine konklusjonar. Resultatet vart ein omfattande «ekstraomgang» og ei ny konseptvalutgreiing der dei to finalistane, Hardangervidda og Hemsedalsfjellet skulle målast direkte mot kvarandre.

E134 Haukelifjell er allereie vedteken av regjeringa som den eine fjellovergangen, men då utan «armen til Bergen» som åleine gjev ei nettonytte på 26 milliardar norske kroner. Ein har altså skrinlagt eit svært samfunnsøkonomisk lønsamt prosjekt rett og slett fordi dei ikkje passar inn i argumentasjonen. E134 med arm til Bergen hadde teke unna trafikk frå Hardangervidda, og det trur eg er grunnen til at armen til Bergen vart fjerna og rv. 7 vart sett opp mot rv. 52 i denne ekstrarunden.

Til tross for endra føresetnadar og nye tingingar viser resultata i siste KVU at Hemsedalsfjellet kjem best ut nok ein gong, sjølv etter politiske krumspring. Den 20. juni vart analysane til Statens vegvesen presenterte i Ullensvang. Vegmyndigheitene har gjort ein særdeles god jobb under sterkt tidspress. Ikkje overraskande kom dei fram til stort sett dei same konklusjonane som i aust-vest-utgreiinga. Hemsedalsfjellet kjem best ut på alle parameter.

Mellom anna har Hemsedalsfjellet ein utbyggingskostnad som er heile åtte milliardar lægre enn Hardangervidda. Det er om lag det fire Dalsfjordbruer kostar. Og ikkje nok med det, i høve netto nytte, altså det staten Noreg kan forvente å få igjen for investeringa, så har Hardangervidda i størrelsesorden 3-8 milliardar høgare negativ netto nytte enn Hemsedalsfjellet avhengig av kva alternativ ein legg til grunn.

Ut i frå desse vurderingane er det altså ingen grunn til å tru at Statens vegvesen si endelege tilråding, som kjem 1. september, skal peike på noko anna enn rv. 52 Hemsedalsfjellet.

Dersom det fatale skulle skje, at Hemsedalsfjellet ikkje vert vald, så har altså regjeringa takka nei til ei avkastning på 26 milliardar kroner som E134 med arm til Bergen gjev, sagt ja til eit prosjekt som er 8 milliardar dyrare enn alternativet og som har ei vesentleg høgare negativ avkastning.

Eg trur ikkje regjering og storting set til side dei faglege råda, dei eintydige tilbakemeldingane frå store nasjonale organisasjonar, ynskje frå delar av Hordaland og heile Sogn og Fjordane i tillegg til fleire tunge aktørar i Møre og Romsdal som NHO Møre og Romsdal. Eg håpar at våre ansvarlege politikarar i det sentrale maktapparatet lyttar til eit eintydig råd frå næringstransportørane i Noregs Lastebileigarforbund.

Eg trur og håpar at dei som skal fatte endeleg vedtak landar på eit alternativ som kjem heile vestlandet og austlandet til gode og som samtidig er den ansvarlege økonomiske avgjerd. Ei slik avgjersle har berre eit rett utfall, og det er rv. 52 Hemsedalsfjellet som den andre prioriterte fjellovergangen aust-vest.

 

Til toppen