OVERSKOT: Sjølv om tala ikkje er like gode som i første og andre kvartal, er det totale overskotet for Hydro Årdal i 2015 eit resultat fabrikksjefen er nøgd med. Foto: Ina Eirin Eliassen
OVERSKOT: Sjølv om tala ikkje er like gode som i første og andre kvartal, er det totale overskotet for Hydro Årdal i 2015 eit resultat fabrikksjefen er nøgd med. Foto: Ina Eirin Eliassen

Omleggingar på Hydro sikra at tala gjekk i pluss

Hydro Årdal la onsdag fram tala for tredje kvartal 2015. Sjølv om overskotet ikkje er like høgt som dei to forrige kvartala, er fabrikksjef Egil Fredriksen godt nøgd med totalen så lang i år.

Årdal: Hydro - Årdal Metallverk skiltar med eit overskot på  55 millionar i tredje kvartal av 2015. Det er betrakteleg lågare enn overskotet på 176 millionar i første kvartal og 129 millionar for andre kvartal i år.

Då tala for andre kvartal var lagt fram forklarte fabrikksjef Egil Fredriksen at han ikkje venta eit like godt resultat i dette kvartalet, då børsprisen på aluminium og produktpremium alt hadde gått ned og fordi prisane fell når kinesarane sender inn ein del halvfabrikata inn på marknaden. 

Les også: Produksjonsrekord av aluminium på Hydro

HAR GODE MARGINAR: Fabrikksjef ved Hydro - Årdal Metallverk, Egil Fredriksen. Arkiv
HAR GODE MARGINAR: Fabrikksjef ved Hydro - Årdal Metallverk, Egil Fredriksen. Arkiv

Gjer det godt etter omleggingar

– Korleis forklarar du resultatet for tredje kvartal?

– I hovudsak er det prisen på aluminium på London Metal Exchange (LME) som har gått ned, då produktpremium alt gjekk ned i forrige kvartal. Det gjer at det først og fremst er i støyperia og på produksjonen av karbon og anodar på Årdalstangen som me tenar pengar. Å kome oss inn som del-leverandør til mellom anna bilindustrien, ser me no at har vore ei viktig omlegging for å sikre oss framover. Det gjer at me har me gode marginar, noko me er glad for, fortel Fredriksen. 

Les også: Ny teknologi på veg til støyperia

Men alt no varslar fabrikksjefen at tala for 4. kvartal truleg ikkje blir like bra som no. 

– Produserer meir enn nokon gong 

Samstundes har Årdal Metallverk eit overskot på 361 millionar så langt i år, som er 275 millionar betre enn på same tid i fjor. Driftsinntektene for tredje kvartal er 3.180 millionar, og 627 millionar betre enn same periode i fjor. 

– Me produserer meir aluminium enn nokon gong og drifta har ikkje vore betre. Me har no hatt to gode kvartal, sjølv om tredje kvartal er dårlegare, noko som gjer at totalen hittil i år er bra, seier Fredriksen. 

Metallverket har produsert 146.425 tonn flytande metall så lang i år, 3.104 tonn meir enn anlegget produserte i same periode i fjor. Frå støyperia kom det 159.170 tonn ferdigprodukt i form av valseblokker og støypelegeringar. Det er 631 tonn meir enn i same periode i fjor. Anodeproduksjonen har vore på 136.407 tonn, som er 3.594 tonn meir samanlikna med perioden i 2014. 

– God på tryggleik

Fredriksen fortel dei no har vore halvanna år utan skadar som har gitt fråvær frå jobb hos dei tilsette på Hydro. Sjukefråværet er på 4,9 prosent hittil i 2015. Likevel har dei registrert ein fråværsskade hos ein av entreprenørane som skada seg då han leverte last. 

Les også: Arbeidsulykke på Hydro

– Sjølv om det ikkje er blant dei tilsette ved Hydro, fører me det opp slik at me kan unngå at det skjer på ny. Me har vorte gode på tryggleik. At det er halvanna år sidan me har hatt fråværsskader blant dei tilsette, har nok ikkje skjedd i Årdal før, seier Fredriksen. 

 

Til toppen