Per Steinar Melås er oppteken av å gjere tiltak som ikkje går ut over brukarar og pasientar. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
Per Steinar Melås er oppteken av å gjere tiltak som ikkje går ut over brukarar og pasientar. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen (Foto: Arkiv)

Omorganisering i Melås Helse

Det kan bli snakk om nedbemanning i Melås Helse AS i tida framover. Det vart klart etter eit allmøte med dei tilsette i Sogndal Kulturhus onsdag føremiddag.

På møtet informerte Per Steinar Melås dei tilsette om at bedrifta må gjennom fleire prosessar med omorganisering og rasjonalisering.

Kva legg du i begrepet rasjonalisering?

– Med rasjonalisering meinar eg det som må gjerast for å kunne møte framtida, sikre arbeidsplassar og ivareta brukarane. Me småbedrifter opplever det same som dei store, seier han og legg til at dei tiltaka som vert gjort no er for å bli betre.

Melås Helse AS må effektivisera for å vere på høgde med konkurrentane, og eit av tiltaka er endringar i turnusen til dei tilsette. Melås fortel at desse tiltaka er med på å gjere totalpakka billegare, slik at Melås Helse AS kjem meir på linje med konkurrentane.

Ingen endring i planane

I 2014 flytta Melås Helse AS frå Leikanger til Årdal og Melås har sidan den tid planlagt eit nytt psykiatrisenter i Årdal med mange nye arbeidsplassar.

Kva skjer no med desse planane?

– Det er framleis ein prosess på gang, men vi treng støtte frå kommunane, seier han. 

Ein eventuell nedbemanning vil difor ikkje få konsekvensar for det planlagte prosjektet ved Årdalsvatnet.

Melås Helse AS kontor Årdal
Melås Helse AS må i tida framover gjennom fleire prosessar med omorganisering og eventuell nedbemanning.
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Tøff bransje

Per Steinar Melås fortel at det er tøft å vere i denne bransjen for tida, og rettar fokuset mot anbodssystemet der den billegaste løysinga i dei fleste tilfella vinn anbodet. Han meiner at for å kunne få til ei etisk forankring i arbeidet, samt sikre arbeidsrettigheitene til dei tilsette, er det vanskeleg å kome ut som vinnar i ein anbodsrunde der lågast mogleg pris er fyrsteprioritet.

Melås seier dei tilsette var positive til informasjonen på onsdagens allmøte og rosar personalgruppa for at dei er løysingsorienterte og set brukaren i fyrste rekkje. 

Til toppen