SKAR SNORA: Ordførar Arild Ingar Lægreid skar over snora med skalpell då helsehuset i Øvre Årdal vart opna måndag. Ordføraren er framleis trygg på at dette var det rette å gjera sjølv om det har kosta Arbeidarpartiet mykje. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SKAR SNORA: Ordførar Arild Ingar Lægreid skar over snora med skalpell då helsehuset i Øvre Årdal vart opna måndag. Ordføraren er framleis trygg på at dette var det rette å gjera sjølv om det har kosta Arbeidarpartiet mykje. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Omstridd helsehus er endeleg opna

Litt over eitt år etter at fleirtalet i kommunestyret vedtok å samlokalisere helsetenestene i Årdal står det mykje diskuterte helsehuset klart.

Årdal: – Det har vorte veldig bra. Det har vore mykje jobb, så det er godt å vera ferdig. 

Det seier Arne Kjos. Han har vore prosjektleiar på byggjinga av det nye helsehuset i Øvre Årdal, som for litt over eitt år tilbake skapte eit enormt engasjement hjå folk i kommunen. 

Måndag kunne han endeleg syne fram det endelege resultatet etter fleire månader med jobbing. Dei tilsette, kommunalsjef Rigmor Svanberg, rådmann Olve Fossedal og fleire var samla for å få med seg opninga av det nye helsehuset. 

– Har kosta Arbeidarpartiet

Det var sjølvsagt også ordførar Arild Ingar Lægreid, som måndag fekk æra av å klippe snora, eller rettare sagt kutte snora sidan han passande nok brukte skalpell for høvet.

Artikkelen held fram under biletet.

OMVISNING: Ordføraren fekk omvisning på huset av prosjektleiar Arne Kjos, som kunne fortelje at prosjektet ser ut til å kome innanfor budsjettrammene på i underkant av 15 millionar kroner.
OMVISNING: Ordføraren fekk omvisning på huset av prosjektleiar Arne Kjos, som kunne fortelje at prosjektet ser ut til å kome innanfor budsjettrammene på i underkant av 15 millionar kroner.

– Eg meiner det å samla helsepersonell og lege vil vera ein fagleg styrke for tenesta. Det er eg ganske overbevist om. Eg er trygg på at dette er den rette vegen å gå for at ein skal kunne gjere ein best mogleg jobb innanfor dei teneste kommunen yter, seier ordførar Arild Ingar Lægreid, som seier det har gått fint med berre eitt legekontor i kommunen medan bygginga har pågått.

– Eg ser at det ligg kjensler rundt ei slik sak og at det er mange meiningar, og det har eg stor respekt for. Eg trur det har vore ein høg pris å betala for Arbeidarpartiet, men likevel trur eg det er rett, legg han til.

Gode løysingar

Prislappen på sjølve prosjektet derimot, ser ut til å halde. Det er iallfall meldinga Kjos på spørsmål om ein har halde seg til budsjett. 

– Det er godt å ha med seg vidare, kommenterer Lægreid, som er nøgd med sluttresultatet etter ei omvisning på huset.

– Eg tykkjer det er vorte ei god løysing. Det er trass alt eit gamalt bygg som er ombygd med eit tilbygg, men eg synest dei har funne gode løysingar. Eg høyrer dei tilsette også seier dei er nøgde med løysinga og det nye huset.

Ikkje plass til fleire legar

Ein som no flyttar inn på eit splitter nytt kontor er lege Bjarte Hove, som har vore ein av fleire kritiske røyster til samlokaliseringa. 

– Eg står jo alltid i fare for å bli ein sutrekopp. Det vil eg ikkje, og me skal få dette til å fungere, men eg meiner framleis det same som før om at det er noko som manglar, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

KRITISK: Barte Hove var ein av dei som var kritiske til løysinga dei folkevalde gjekk for fordi det ikkje vil vere plass til fleire legar på helsehuset slik det er no.
KRITISK: Barte Hove var ein av dei som var kritiske til løysinga dei folkevalde gjekk for fordi det ikkje vil vere plass til fleire legar på helsehuset slik det er no.

Han meiner ein kommune som Årdal burde hatt fleire legar, samt ein kommuneoverlege, men slik bygget no står er det ikkje plass til fleire legar. 

– Det er det som har vore ankepunktet mitt. Ein skulle hatt det litt annleis slik at ein tok høgde for at ein kan trenge fleire legar, men no står det slik. Eg kan ikkje vera sur for at eg ikkje fekk det som eg ville, ler han. 

– Eg trur og håpar det skal bli eit bra tilbod til pasientane.

Pasientane kan ta i bruk det nye helsehuset frå tysdag 1. desember. 

Til toppen