SPØRSMÅL: Foreldra til elevane ved Ljøsne skule hadde mange spørsmål då FAU inviterte til møte med oppvekstsjefen og rektorane i Lærdal tysdag kveld. Bjørg Haugo rekkjer opp handa, Frøydis Helland sit til høgre for henne. Foto: Ole Ramshus Sælthun
SPØRSMÅL: Foreldra til elevane ved Ljøsne skule hadde mange spørsmål då FAU inviterte til møte med oppvekstsjefen og rektorane i Lærdal tysdag kveld. Bjørg Haugo rekkjer opp handa, Frøydis Helland sit til høgre for henne. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Omsynet til bornas beste har falle totalt for økonomi

Kommunen sin representant under møtet på Ljøsne skule der alle foreldre var inviterte inn, fekk mange kritiske spørsmål 

Lærdal: – Veldig mange spørsmål står usvara og er heilt opne. Det blir veldig vanskeleg for oss som foreldre å ta nokre val når alt er så lite konkret. 

Orda tilhøyrer Bjørg Haugo, ein av dei mange foreldra som møtte opp då FAU ved Ljøsne skule inviterte til møte om tida som kjem no når skulen blir lagt ned frå neste skuleår av.

Les også: – Frykteleg lei meg for at eg ikkje klarde å redda skulen vår

Møtet tysdag kveld starta med at oppvekstsjef Torunn Litvedt fortalde litt om det som ligg føre no, mellom anna korleis krinsgrensene skal bli. Rektor ved Borgund skule, Torfinn Grøttebø og rektor ved Lærdalsøyri skule, Gunn Beate Sjøthun fortalde om skulane sine. Dei beklaga begge at kommunen var komen i ein økonomisk situasjon som medfører nedlegging av Ljøsne skule.

Også rektor ved Ljøsne skule, Eva Hage Solstad, fortalde om korleis dei har førebudd elevane ved skulen på ei eventuell nedlegging, og streka under at ingen hadde drive nokon skremselspropagande i høve Lærdalsøyri- og Borgund skule.

– Kan ein ha full valfridom?

I spørsmålsrunden etterpå vart først og fremst skulekrinsgrensene tema. Litvedt fortalde at kommunen no legg opp til to alternativ; anten at alle elevane i dagens Ljøsne skulekrins hamnar på Lærdalsøyri. Eller at alle som bur ovanfor Bøabrui går til Borgund skule og alle nedanfor til Lærdalsøyri skule.

Les også: – Konsekvensane av nedlegging har ikkje kome fram

– I praksis er det i tillegg fritt skuleval, men om det ikkje er kapasitet ved ein skule nokon søkjer eit born til vil det måtte gå på skulen som krinsen tilseier. Blir eit born omsøkt til den andre skulen og dette medfører ekstrakostnadar i høve skuleskyss må foreleldra dekkja dette sjølve, sa Litvedt.

Foreldra vart ikkje roa av det oppvekstsjefen hadde å seia.

– Kan ein ha full valfridom? Viss det blir ei grense ved Bøabrui vil ein jo splitta opp grendi. Og så vil det kunne koma ein strøym med søknader, sa Frøydis Helland.

– Ein må ha skulekrinsar, det har me sjekka opp. Men utover dette er det stor valfridom, sa Litvedt.

Deretter følgde ei rekkje spørsmål. Mellom anna om det var slik at dei som går i 6.klasse i dag og vil hamna i krins under Borgund skule neste skuleår, dersom krinsen blir delt, får eitt år ved Borgund og så må ned på Øyri att. Litvedt svara at i utgangspunktet ville det bli slik - om krinsen blir delt.

Artikkelen held fram under biletet

SVAR: Oppvekstsjef Torunn Litvedt prøvde å svara på spørsmåla foreldra kom med, men måtte ved ein del høve seia at momenta som kom opp måtte avklarast i det vidare arbeidet med krinsgrenser og skuleskyss.
SVAR: Oppvekstsjef Torunn Litvedt prøvde å svara på spørsmåla foreldra kom med, men måtte ved ein del høve seia at momenta som kom opp måtte avklarast i det vidare arbeidet med krinsgrenser og skuleskyss.

Bekymra for mykje venting og dryg skuleskyss

FAU-leiar Hans W. Tønjum lurde på om det gjekk an å få til ein dispensasjonsordning for dei eldste klassane dersom krinsen blir delt - så elevar ikkje risikerer å måtte få eitt eller to år ved Borgund skule for deretter å bli flytta ned på Lærdalsøyri. 

Han drog også fram eit paradoks ved skuleskyssen; dei som bur til dømes på Mo eller langt oppe i dalen på sørsida av Lærdalselvi vil måtte ta bussen heilt ned på Bøe og så oppover dalen att om dei skal gå på Borgund skule. Dette fordi skulebrua er for smal for bussar slik at første moglegheit til å køyra over elva er Bøabrui. Då er ein i praksis komen ned i krinsen for Lærdalsøyri skule.

Dette var problemstillingar Litvedt ikkje hadde nokre gode svar på.

I det heile var spørsmåla om samanhengen mellom krinsgrenser, skuleskyss og skuleveg det som opptok foreldra mest. For på Lærdalsøyri skule er det slik at det går ein skulebuss klokka 1430, medan elevane i 1.-4.klasse sluttar klokka 1345. Det betyr at desse elevane må venta 45 minuttar før skulebussen går oppover bygda.

– Me får høyra at det er så kort veg mellom Ljøsne og Øyri. Og det er det når eg set meg i bilen og køyrer rett ned. Men ein skulebuss som skal innom alle stader brukar i alle fall ein halvtime. Så får du tre kvarter venting for dei yngste elevane i tillegg. Og mange elevar må gå eit stykkje til og frå busstoppen i høve heimen også. Då blir det veldig lang skuleveg, sa forelder Annike Vanberg.

– Viss ungane skal måtte venta så mykje fem dagar i veka, då er det ikkje noko godt alternativ for ungane våre. Det følest som ein god del av dei tinga som skal vera for barnets beste har falle totalt opp mot dei økonomiske vurderingane, sa Bjørg Haugo.

– Som eit litt langt friminutt

Oppvekstsjef Litvedt sa ho ikkje var klar over at det ville bli så lang ventetid, men at det ville tilførast nokre midlar til skuleskyss. Vidare at det kunne bli aktuelt å setja opp ein ekstra buss for elevane som sluttar klokka 1345.

– Det er masse konkrete spørsmål her for den enkelte som eg ikkje kan svara på. Men det må vera mogleg å finna løysingar på dette, det kan jo ikkje vera umogleg, sa Litvedt.

Rektor ved Lærdalsøyri skule, Gunn Beate Sjøthun, tykte det vart feil å sjå dei 45 minuttane som noko som kjem i tillegg til skuleskyss.

– Ein kan jo ikkje akkurat seia det blir eit overgrep mot fritida til ungane. Ungane er jo der nede med venene sine under tilsyn, det blir som eit litt langt friminutt for dei. Det er ikkje optimalt, nei, men ungane har ikkje noko av det, og dette er det me har.

Artikkelen held fram under biletet

FLEIRE: Rektor ved Lærdalsøyri skule, Gunn Beate Sjøthun, får over førti fleire elevar neste skuleår dersom alle elevane på Ljøsne skal ned på Øyri. Det meiner ho skal gå bra, men poengterte overfor foreldra at det er fleire moment ved omstruktureringa som ikkje er optimalt.
FLEIRE: Rektor ved Lærdalsøyri skule, Gunn Beate Sjøthun, får over førti fleire elevar neste skuleår dersom alle elevane på Ljøsne skal ned på Øyri. Det meiner ho skal gå bra, men poengterte overfor foreldra at det er fleire moment ved omstruktureringa som ikkje er optimalt.

Litvedt sa vidare at ho reknar med skulekrinsgrensene vil bli klare først i løpet av januar ettersom dette skal ut på høyring og opp til politisk handsaming først.

Annike Vanberg lurde på om det var mogleg med eit tredje alternativ når det gjaldt skulekrinsgrenser:

– Det kan verka litt ulogisk, men er også logisk. Går det an å ha annleis skulekrinsar for dei som skal byrja på skulen no i høve dei som alt går på skulen? Med tanke på å ikkje splitta etablerte gjengar?

Poenget til Vanberg er altså at ein ved å splitta krinsen for Ljøsne skule slik den er no vil føra til at venegjengar også blir splitta, men at det stiller seg annleis for dei som ikkje har byrja på skulen og ikkje er i slike gjengar etablerte gjennom skulen. Oppvekstsjef Litvedt bad om å få eit skriftleg framlegg på dette.

– Nok lærarressursar?

To andre moment som var oppe, var lærarressursar og etterbruk av Ljøsne skule. Det ligg inne at nedlegginga av Ljøsne skule gjer at 2,5 lærarstilling blir tilført skulane som tek i mot elevane frå Ljøsne.

Forelder Iris Blaaflat lurde på korleis Lærdalsøyri skule ville takla å ta i mot over førti nye elevar, om det blir løysinga:

– Det gir ingen store utslag hjå oss, berre at klassane blir noko større, sa rektor Sjøthun.

– Trur du lærarane meiner det same? spurde Blaaflat.

– Ja, eg trur det. Kor godt klassane fungerer har med kjemi og samansetnad å gjera meir enn storleik. Det er ikkje flusst, det er ikkje feitt. Men det går heilt greitt.

Har sendt inn lovlegkontroll

Når det gjaldt bygningsmassen lurde Truls Ringø på kva som vil skje her:

– Er det anten slik at bygningane vil leggjast ut for sal eller bli ståande og forfalla?

– Ja, det stemmer, slik har eg oppfatta det. Men me får håpa det siste ikkje skjer, sa Litvedt. 

Iris Blaaflat svara følgjande:

– Me har jo busett oss her for at ungane skal kunne gå til aktivitetane. Viss gymsalen også forsvinn blir det køyring på ettermiddagen også.

FAU sendte i førre veke inn ein lovlegkontroll til Fylkesmannen på vedtaket om å leggja ned Ljøsne skule.

Les også: Siste ord ikkje sagt om Ljøsne skule

FAU-leiar Tønjum oppsummerte slik: 

– Me meiner fleire av momenta som har kome opp her burde ha vore konsekvensutgreidd før saka om nedlegging kom opp og vart avgjort. Det er ein del av poenget i lovlegkontrollen.

Til toppen