NYE PLASSAR: Rekordlange ventelister gjer at mange som vil studera ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er skuffa i dag. Men onsdag morgon opnar det seg nye moglegheiter i visse fag. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun
NYE PLASSAR: Rekordlange ventelister gjer at mange som vil studera ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er skuffa i dag. Men onsdag morgon opnar det seg nye moglegheiter i visse fag. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun

Onsdag er siste sjanse til å skaffa seg studieplass her

Høgskulen i Sogn og Fjordane har rekordlange ventelister, men onsdag morgon vil det bli frigitt nye plassar innan visse utdanningar. Les kva fag det er snakk om her. 

Sogndal: – Plassane som blir frigitt i morgon er innan dei utdanningane der institusjonane reknar med å ikkje få fylt opp. Desse blir lagde ut på morgonen, og der er førstemann til mølla. Så her må ein berre kasta seg rundt, seier viserektor for utdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Terje Bjelle.

Høgskulen tek i år opp om lag 900 studentar til grunnutdanningane via det nasjonale samordna opptaket. Etter at hovudopptaket no er gjennomført, står meir enn 2000 på venteliste. Dette er meir enn nokon gong, og det inneber at det for mange utdanningar er høgare poengkrav for å få opptak.

Ventar nye plassar innan lærar, historie og ingeniør

Særskilt er det lang venteliste for opptak til sjukepleiestudiet. Også barnevern, sosialt arbeid, vernepleie og eigedomsmekling har mange som ventar på studieplass.

Men innan visse andre utdanningar blir det altså mogleg å skaffa seg studieplass onsdag morgon om ein vil studera ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Desse blir tilgjengeleg via Samordna Opptak sine nettsider, seier Bjelle.

– Kva fag er det snakk om hjå dykk?

– Hjå oss blir det nok moglegheiter på grunnskulelærar 1.- 7.klasse, mest truleg barnehagelærar, samt historie og ingeniør. Det er vel der det vil koma nokre ledige plassar.

For dei som hamna på venteliste og vil satsa på at det opnar seg moglegheiter innan utdanninga dei ikkje kom inn på i første omgang, er det også framleis håp. Fristen for å takka ja for dei som har fått tilbod om plass går ut i slutten av neste veke. Då vil søkjarane øvst på ventelistene få tilbod om plassar dersom andre takkar nei.

Les også: – No skal me snu på flisa

 

Til toppen