BRANNØVING: Steiggjetunnelen på fylkesveg 53 i Årdal vert stengt i tre timar onsdag på grunn av ei brannøving. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BRANNØVING: Steiggjetunnelen på fylkesveg 53 i Årdal vert stengt i tre timar onsdag på grunn av ei brannøving. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Onsdag stengjer denne tunnelen i tre timar

Naudetatane skal ha brannøving i Steiggjetunnelen på fylkesveg 53.

Årdal: Som resultat av øvinga, vert tunnelen heilt stengt mellom 11.30 og 14.30 onsdag 21. juni. Det opplyser Statens vegvesen.

Brannsjef i Årdal kommune, Gaute Johnsgaard, seier til Porten.no at dei skal øve på stygg trafikkulykke i tunnelen.

– Då vil me øva på rutinane våre, leiarfunksjonar og radiobruk i ein tunnel det ikkje er naudnett. Me skal testa heile linja, der også vegtrafikksentralen er kopla. Alle er med, men i utgangspunktet er øvinga for brann, politi og helse, seier han.

Det er ikkje avgjort enno om vegen vert stengt ved tunnelopninga, eller om Vegvesenet stengjer vegen i Bukti i Øvre Årdal og på Loi, slik at ein slepp lange køar langs fylkesvegen.

Til toppen