Øvre Årdal: Reidar Offerdal fortalte etter sommaren om tidenes beste sesong for Sportshuset, men for klesbutikken som sel kvinneklede i etasjen over er det no slutt.
Onsdag hadde Sisters Point siste opningsdag. No er gitteret rulla ned for siste gang på ei stund, men det betyr ikkje at Offerdal har gitt heilt opp satsinga på klede.
– Det er ikkje kundegrunnlag lenger. Då denne butikken opna for ti år sidan, så skulle kundegruppa vera ungdom frå 12 år og oppover, men i dag handlar ungdommen mest på nett. Då finst det ikkje kundegrunnlag. Men me kjem nok til å halde fram med klede i eit smalare utval og for ei meir vaksen kundegruppa, seier han.

Håpar å opne att før jul
I tillegg til netthandel, peikar han også på meir konkurranse i det lokale næringslivet som dei to viktigaste faktorane til at dei no tar steget å leggja ned butikken.
Sjølv om det er vemodig å stenga dørene, er det samstundes med ei kjensle av letta av at avgjerdsla endeleg er teken, seier han.
– To av våre tilsette er reist på skule, og så ville me ikkje tilsetta ein ny for ei kort stund. No håpar me å opna opp att før julesalet startar. Butikken vil offisielt bli avvikla ved nyttår.
Vurderer fleire endringar
Planen no er å slå ned veggen som skil sportsbutikken for barn og Sisters Point. At førstnemnde held stengt torsdag, er berre tilfeldig, understrekar Offerdal. Den kjem til å vera open som normalt fredag.
Samstundes som at dette skjer, vil Offerdal også leiga ut lokalet der som skobutikken er. Får han napp her, kan han flytta skobutikken inn i det som då vil bli ei forretning som inneheld sko og klede.
– Det er noko me vurderer. Då kan me ha berre éin tilsett i andre etasje, og så slepp ein at tilsette skal fly mellom butikkane for å passe på.