I Sogn er det to varslingsanlegg i Øvre Årdal, to på Årdalstangen, eitt på Kaupanger, to i Sogndal sentrum og eitt på Hermansverk – ikkje bli skremd om du høyrer signal i seriar på desse plassane onsdag. Foto: Odd Skarbomyr, DSB

Onsdag vil desse ula i Årdal, Sogndal og på Leikanger

Sivilforsvaret testar tyfonanen sine.

Årdal/Sogndal/Leikanger: Sivilforsvaret vil i morgon 14. juni kl. 1200 gjennomføra nasjonal varslingsprøve av landets ca. 1250 tyfonanlegg, går det fram av ei pressemelding.

– SKARP TEST: Distriktssjef Stein Morten Rønningen i Sivilforsvaret. Arkivfoto
– SKARP TEST: Distriktssjef Stein Morten Rønningen i Sivilforsvaret. Arkivfoto

– For Sogn og Fjordane sin del så er alle våre varslingsanlegg no bygd om med ny signalberar (naudnett) i samband med at FM nettet slokkast 21. juni. Dette blir i så måte vår skarpe test på at alt vil fungera med nytt system, skriv distriktssjef Stein Morten Rønningen i pressemeldinga.

Signalet blir sendt i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane.

Årdal, Sogndal og Leikanger

I Sogn er det to varslingsanlegg i Øvre Årdal, to på Årdalstangen, eitt på Kaupanger, to i Sogndal sentrum og eitt på Hermansverk.

- Varslingsanlegga er stort sett plassert i byar og tettstader, langs veg og jernbanelinjer der det blir frakta farleg gods, og ved verksemder som kan sleppa ut giftige eller farlege kjemiske stoff. Signala vil kunne høyrast av over halvparten av befolkningen, sier Cecilie Daae, direktør i DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap).

Til toppen