FRAMOVER OG BAKOVER: Rektor ved Sogn jord- og hagebruksskule, Aksel Hugo, tok fram dei store orda og dei store tidsdimensjonane då han ønskja dei 44 elevane ved skulen velkomne til nytt skuleår tysdag.
FRAMOVER OG BAKOVER: Rektor ved Sogn jord- og hagebruksskule, Aksel Hugo, tok fram dei store orda og dei store tidsdimensjonane då han ønskja dei 44 elevane ved skulen velkomne til nytt skuleår tysdag. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Ønskte nye og gamle elevar velkomne til det heilt spesielle skuleåret

For berre nokre få år sidan var Sogn jord- og hagebruksskule sterkt truga av nedlegging. Då rektor Aksel Hugo ønskja 44 elevar velkomne til nytt skuleår denne veka, var det nærast symbolsk at sola skein frå blå himmel.

Aurland: - Me må forma det slik at me kan trivast og få det slik me vil ha det. Så det håpar eg de kan seia ja til; at dette ikkje er heilt ferdig pakka, men at de er med og gir det eit innhald no. For det er ganske blankt, ganske nytt.

Opninga av skuleåret på Sogn jord- og hagebruksskule skuleåret 2017/2018 markerer på alle måtar eit møte mellom det nye og det gamle. Skulen har det siste året gått gjennom ei stor ombygging og renovering; eit løft som måtte til for at skulen skulle overleva.

Les også: Jari kan boltra seg på flunkande nytt kjøken

Samstundes er det året der lærarar og elevar skal feira skulen sin; Sogn jord- og hagebruksskule blir nemleg 100 år i 2017, noko som skal feirast over tre dagar siste del av september.

Les også: Skal laga sin eigen festmiddag til 100-årsjubileumet

Meiner ei reiselivslinje kan løfta skulen vidare i framtida

Difor kunne rektor Hugo ta fram dei store orda, som han sjølv poengterte det, så han ønskja 44 nye og "elevar" til nytt skuleår tysdag.

- Det er ein skule som har halde på med det i hundre år; å skapa og gjera ein skilnad. Difor må me også løfta oss litt frå kvardagen. Sjå tilbake på dei hundre års om har gått, sjå tilbake på dei tjuefem åra me har vore økologiske, og samstundes sjå frmaover på dei neste tjuefem åra og dei neste hundre åra.

Aurland kommune, som gjekk inn med fem millionar kroner for å berga skulen i 2014, var under opninga av det spesielle skuleåret representert ved varaordførar Leiv Jarle Bergheim (Ap), som sjølv har jobba ved skulen i tolv år.

Han såg også framover:

- Sidan Aurland kommune er vorten ein kjempestor reiselivskommune, hadde det kanskje på sikt kunne kome ei reiselivslinje her. For å utvikla skulen vidare. Det trur eg det er stort behov for.

Artikkelen held fram under biletet

REISELIVSLINJE: Varaordførar Leiv Jarle Bergheim (Ap) lufta ideen om å på sikt få til ei reiselivslinje ved Sogn jord- og hagebruksskule.
REISELIVSLINJE: Varaordførar Leiv Jarle Bergheim (Ap) lufta ideen om å på sikt få til ei reiselivslinje ved Sogn jord- og hagebruksskule.

 

Vil læra seg å setja teorien ut i livet

Skulen har i dag 52 plassar, og 44 elevar til saman starta på Vg2 eller Vg3. Av dei er 13 menn og 31 kvinner. Elevane er frå 16 til 41 år; nokre er på sitt første utdanningsløp, andre har solide utdanningar frå før, men likevel vald å gå på Sogn jord- og hagebruksskule.

Eit døme på det siste er Elin Rømo Grande frå Trondheim.

- Eg har lært mykje om landbruk på det teoretiske og politiske planet, eg har også studert økologisk andbruk på ein høgskule, men det var berre teori. Så no skal eg læra det praktiske og bli agronom.

Ho jobbar til og med med økologisk landbruk, men valde altså likevel å ta denne utdanninga.

- Jobben går meir på kunnskapsspreiing og politikk. Så når ein jobbar så mykje med landbruk på andre måtar får ein lyst til å grava i jorda sjølv. Så eg skal læra meg å setja teorien ut i livet. Og eg har vald akkurat Aurland på grunn av naturen og fjella.

Artikkelen held fram under biletet

PRAKSIS: Elin Rømo Grande startar i år på Vg2 for å bli agronom, trass i at ho både har ei solid utdanning frå før og er i jobb.
PRAKSIS: Elin Rømo Grande startar i år på Vg2 for å bli agronom, trass i at ho både har ei solid utdanning frå før og er i jobb.

 

- Trur det er noko med bevisstleiken rundt mat

Rømo Grande meiner også ein økologisk jordbruksskule absolutt har livets rett.

- Eg har sett at søknadane til landbruksutdanningar har auka veldig dei siste åra, og særskild til økologisk landbruk. Så eg trur det er noko med bevisstleiken til folk rundt landbruk og mat som er aukande, og at stadig fleire etterspør økologisk mat. Med større etterspurnad er det kanskje også meir attraktivt å leggja om gardsbruket til økologisk drift.

- Så du skal bli økologisk bonde?

- Det får me sjå. Eg kan bli det, i alle fall.

Rektor Hugo visste å setja pris på både dei nye elevane sine og dei som kom tilbake for andre år på Sogn jord- og hagebruksskule.

- Det er veldig, veldig, veldig flott at ein og ein og ein og ein og ein av dykk har bestemt dykk for å koma hit. For det er mange avgjerder de skal ta, og så har de berre bestemt dykk for å koma hit. At de er her er me utruleg takknemlege for. Hadde ikkje de gjort det, hadde det ikkje vore noko skule.

Til toppen