Høyanger: KS Vestland har oppmoda kommunar om å komme med innspel til eventuelle prosjekt som kan vere ein del av ein aktivitetsfremjande tiltakspakke. Høyanger kommune har fleire prosjekt dei ønskjer å ha med.

Ønskjer å framskunde prosjekt med korona-midlar
Høyanger kommune har meldt inn fleire prosjekt kommunen ønskjer å få pengar til å setje fortgang i når regjeringa skal løyve ein ny tiltakspakke til kommunane.