VENTAR: Kommunalsjef for helse og omsorg i Årdal kommune, Rigmor Svanberg, har ved fleire høve forsøkt å rekruttere psykolog til kommunen. No har dei kompetansen i bygda, men har i fleire månader venta på svar på om utdanninga er jamngod med den norske. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 
VENTAR: Kommunalsjef for helse og omsorg i Årdal kommune, Rigmor Svanberg, har ved fleire høve forsøkt å rekruttere psykolog til kommunen. No har dei kompetansen i bygda, men har i fleire månader venta på svar på om utdanninga er jamngod med den norske. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 

Ønskjer å legge til rette for psykolog – har venta i fleire månader på svar

I Årdal finst kompetansen, men sidan utdanninga er teken i utlandet, må ho godkjennast av Helsedirektoratet. Det svaret har kommunen venta på i fleire månader.

Årdal: Frå 2020 er det eit krav at alle kommunar skal ha psykolog på lik linje med til dømes helsesøster og jordmor. I fleire vender har Årdal kommune forsøkt å rekruttere kompetansen, men har framleis ikkje lykkast.

Kommunen har mellom anna søkt om 300.000 kroner til tilskot til etablering og fått nei frå Fylkesmannen. Av søknaden går det fram at det er ein person i kommunen med utanlands psykologutdanning, som kommunen kan tenkje seg å legge til rette for å få norsk autorisasjon, då ho manglar denne.

Vedkommande er godt etablert i kommunen med familie og er i dag tilsett som miljøterapeut.

– Vedkommande gjer ein god jobb, har stor tillit både blant brukarar og kollegaer, og me meiner sannsynet er stort for at ho blir ein stabil medarbeidar. Ho ventar framleis på svar frå Helsedirektoratet, og me ønskjer å leggje til rette for at ho skal få gjennomført dette så raskt som mogleg utan ei stor økonomisk belastning, men med ei bindingstid, seier kommunalsjef innanfor helse og omsorg, Rigmor Svanberg.

– Viktig med naudsynt kvalifikasjon

Ifølgje kommunalsjefen har personen venta i fleire månader på svar frå Helsedirektoratet på kva som manglar av etterutdanning for å få praktisere i Noreg. Avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Anne Farseth, seier behandlingstid varierer ut frå om utdanninga er teken innanfor EU eller ikkje. I dette tilfellet er utdanninga teken utanfor EU.

– Det er vesentleg. Er det utanfor EU, er behandlingstida i dag på sju månader. Me mottar eit stort volum av søknader, og desse vert tekne etter tur i den datorekkefølgja dei kjem inn, seier ho.

Manglande dokumentasjon som må innhentast eller behov faglege råd kan vere med på å dra ut behandlingstida.

– Me vurderer om utdanninga er jamngod på nivå med den norske. Når det gjeld psykologar, er utgangspunktet vårt for samanlikning norske profesjonsutdanning i psykologi, forklarar Farseth og legg til at dette må til av omsyn til pasienttryggleik og tillit til helsepersonell. 

Fylte ikkje kriteria

Frå politisk hald er ønsket stort etter å få på plass slik kompetanse i rekkene. Kommunen søkte også om 300.000 kroner i støtte, men fekk avslag hjå Fylkesmannen. Forklaringa er enkel.

– Fordi det i retningslinjene på tilskotsordninga Årdal søkte om står det at midlane skal brukast til psykolog som jobbar i kommunen, ikkje til etterutdanning, forklarar Anita Tveit hjå Fylkesmannen.

– Det er trist. For oss kunne det vore ei reell moglegheit for å få kompetansen me ønskjer, men eg forstår at Fylkesmannen må forholde seg til kriteria som ligg til tilskot. Eg veit ikkje kor store moglegheiter det er for å gjera skjønnsmessige vurderingar for Fylkesmannen, det vil eg ikkje uttale meg om, kommenterer Svanberg.

– Men de kan ta heile summen sjølv også?

– Det kan me sjølvsagt, det er ei prioriteringssak, men når tilskotet finst søkjer me sjølvsagt. Å rekruttere eksternt er like vanskeleg om det er kommunalt fullfinansiert eller med tilskot. Men me forheld oss til avslaget og arbeider vidare med andre modellar. Mykje er avhengig av når vedkommande får endeleg melding om kva som trengst av norsk etterutdanning for å få godkjenning.

– Vanskeleg å rekruttere

Kommunalsjefen seier det ikkje er enkelt å rekruttere denne type kompetanse til distrikta. I dag er næraste psykolog å finne i Sogndal. Samstundes skal kommunane få meir ansvar innanfor områda rus og psykiatri med full effekt frå 1. januar 2017.

– Eg ser på det som meir og meir viktig å ha ein psykolog. Det heng saman med det som skjer som følgje av samhandlingreforma som frå årsskiftet også skal omfatte rus og psykiatri, med auka kommunalt ansvar for desse brukarane og særleg at det vert innført mottak av ferdigbehandla pasientar innfor psykiatrien frå 2018. Det vil setja eit større krav til denne type kompetanse, som det er stor behov for, seier ho og legg til at det er ein viktig faktor i folkehelsearbeidet også.

Ei løysing kan difor bli å gjera tenesta interkommunal. 

– Men det er nettopp desse risikofaktorane som me har erfart, at ein ikkje klarar å rekruttere sjølv om me ønskjer det og prioriterer det inn i budsjett. Eit interkommunalt samarbeid vil ha dei same utfordringane dersom fagmiljøet vert for lite.

Til toppen