PYNTA OPP. Erling Offerdal (Sp) meiner det burde pyntast opp framføre inngangspartiet på Åbo. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
PYNTA OPP. Erling Offerdal (Sp) meiner det burde pyntast opp framføre inngangspartiet på Åbo. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ønskjer å pynte opp ved Åbo

Erling Offerdal (Sp) meiner det er behov for å gjere det meir innbydande ved inngangspartiet til Åbo.

Årdal: Før kommunestyremøtet torsdag hadde Senterparti-politikaren sendt ein interpellasjon eller førespurnad til ordførar der han bad om at det vart gjort noko med uteområdet ved Åbo, og då spesielt ved inngangspartiet.

– Her står det gamle bosstativ og - kontainer. Skal dette vera plassert her? Området burde gjerast meir attraktivt for bebuarane med blomster og sitjeplassar. Det handlar om trivsel for bebuarane og inntrykk for besøkande, skreiv han i interpellasjonen.

Ordførar bad rådmann Olve Fossedal svare for seg, og han meinte dette skulle ein kunne klare å ordne raskt opp i.

– Det første som kjem til å skje er at renovasjon, utedrift og tekniske tenester kjem til å ta tak i dette. Den store boskontaineren skal flyttast, og det skal setjast opp ein levegg slik at denne blir skjult.

– Det skal også setjast opp ein levegg rundt plattinga der det tidlegare stod bosspann. Desse skal fjernast, og ein kan heller nytte området til benkar og blomster, men det må avklarast om dette området skal nyttast som parkering for bebuarane. Dette skal me ta tak i og gjera noko med, fortalte Fossedal.

Han ville også kople på frivilligsentralen og Gamleskulen som kommunen samarbeider tett med. 

– Dei gjer ein kjempejobb, og dette tar dei på strak arm, sa rådmannen.

Offerdal takka for at saka blir tatt raskt hand om.

– Eg meiner det er heilt naudsynt, og ser det sjølv fordi eg er der ofte og ser behovet. Takk til rådmannen. 

Til toppen