BETRE KJEND: Røde Kors i Årdal ønskjer å bli betre kjend med bebuarane ved Årdal mottakssenter og inviterer fleire til å vere med på brubyggjinga. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BETRE KJEND: Røde Kors i Årdal ønskjer å bli betre kjend med bebuarane ved Årdal mottakssenter og inviterer fleire til å vere med på brubyggjinga. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ønskjer å verta betre kjende

Satsar på at det frivillige livet i Årdal vil vera med på å byggja bruer. 

Årdal: – Me er nyfikne og lurer på korleis me kan verta betre kjende med bebuarane ved asylmottaket i Årdal. Kanskje ein handarbeidsklubb?

Patricia Seglem Lægreid, leiar i Årdal Røde Kors, er open for alle idear som måtte koma på bordet frå både lokalbefolkninga og bebuarane. 

Over ein lang periode har gjengen i den lokale Røde Kors-gruppa hatt ein ønske om å bli betre kjend med asylsøkjarar og flyktningar i bygda. Tysdag inviterte dei og Årdal mottakssenter til kvinnegruppe. 

Høg deltaking

– Det er veldig kjekt å sjå at så mange kom. Det var det me håpa på at gjennom Røde Kors kan me få engasjement hjå bebuarar, og lokalbefolkninga kan bidra gjennom Røde Kors, seier Anne Margrete Hatlelid, som er mottaksleiar.

Artikkelen held fram under biletet.

MANGE SAMLA: Alle plassane var fylt opp då Røde Kors kom på besøk.
MANGE SAMLA: Alle plassane var fylt opp då Røde Kors kom på besøk.

– Røde Kors har lenge hatt lyst til å engasjere seg, men brukar mykje tid på besøkstenesta si, så då vart me samde om å prøve å få med oss fleire. Det er heilt sikkert folk der ute i Årdal som vil vera med, men ikkje veit korleis og kva dei kan bidra med, legg ho til.

Mange forslag

Forslaga var det mange. Frå bebuarane kom det fra eit ønske om ein språkkafé, der dei oftare kan få praktisert norsk. Dei treng også hjelp med lekser i sommar.

Lægreid i Røde Kors foreslo handarbeidsklubb. Også mattradisjonar er noko alle kan ha glede av, og målet er uansett å gjere noko saman og lære av kvarandre.

– Eg tippar dei fleste har noko å bidra med, men treng å få det organisert. Me treng alle slags folk. Utan frivilligheit, ja, jo fleire som kan bidra, jo betre, smiler Hatlelid.

Ønskjer seg frivillige

I Røde Kors er det klare på at dei alltid treng fleire personar som kan bidra.

– Me ønskjer oss fleire yngre, og det er plass til fleire menn også. Poenget er at me prøver, og lykkast me, er det det beste. Viss ikkje, forsøker me att seinare, seier Lægreid.

– Målet er å finne ting me kan gjera saman, så får me sjå korleis det utviklar seg. Det er spennande iallfall. 

Til toppen