– Eg har komme med merknader til byggjehøgda det er lagt opp til sidan 2018. Vedtaket i kommunestyret var som forventa, men eg hadde håpa dei ville redusere kotehøgda i reguleringsplanen, seier Leif Arne Fureli.

Ønskjer akvaparken velkommen, men flyttar om han må bu bak ein vegg
Leif Arne Fureli håpar på ein god prosess i kommunen når ein eventuell byggjesøknad frå Vadheim akvapark skal handsamast, men meiner det var no kommunen burde stilt krav.