FLYKTNINGAR: Arbeidarpartiet ønskjer å sende eit brev til IMDi der dei ber om at kommunen får busetja busetjingsklare flyktningar ved Årdal Mottakssenter. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
FLYKTNINGAR: Arbeidarpartiet ønskjer å sende eit brev til IMDi der dei ber om at kommunen får busetja busetjingsklare flyktningar ved Årdal Mottakssenter. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Ønskjer at busetjingsklare flyktningar frå Hero skal bli i Årdal

– Dette for at flyktningar som allereie er etablert i Årdal og har fått opphaldsløyve skal sleppe å vente i andre mottak på busetjingskommune.

Årdal: Slik grunngir Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) ønsket til partiet hennar og bad om at resten av kommunestyret i Årdal slutta seg til ønsket som skal sendast til IMDi. 

I slutten av september blei det klart at asylmottaket til Hero vert lagt ned i Årdal.

– Det har kome mange førespurnader etter den nyheita som går på kva som skjer med dei som no sit og ventar på mottak, og kva som er meininga med dette når dei allereie er komne til Årdal og er komen i gang med liva sine, seier Brandsdal. 

Ikkje like stort press

Flyktningstraumen som påverka landet i fjor haust har avtatt betrakteleg, noko som også har gjort at behovet for å busetja flyktningar har minka.

Til dømes har Årdal sagt ja til å ta imot 20 flyktningar i 2016 og 23 i 2017. No vert dei i staden bedne om å ta imot 15 flyktningar neste år, der ingen av desse skal vere einslege mindreårige.

No håpar Arbeidarpartiet å få med seg IMDi på at eventuelle busetjingsklare flyktningar ved Årdal Mottakssenter skal busetjast i nettopp Årdal. 

– Me vil iallfall ha med oss kommunestyret på å senda eit slikt brev til IMDi, seier Brandsdal. 

Fekk støtte

Og det fekk dei. 

– Senterpartiet vil sjølvsagt støtte dette. Me meiner at når me har fått nye årdøler i kommunen og dei har fått opphald og allereie byrja å bli integrerte, så synest me det er viktig å halde fram å integrera dei. Det kan vere dei har fått jobb eller har kome seg ut i aktivitet. Det er heilt riktig å støtte dette, seier Hilde Horpen. 

Men det er ikkje slik at det er kommunane sjølv som bestemmer kven dei vil busetje. Det er det IMDi som gjer, så no gjenstår det å sjå om direktoratet vel å lytte til ønsket frå Årdal. 

Til toppen