MARATON: Elleve lag klatra 12 timar i strekk og sanka poeng.
MARATON: Elleve lag klatra 12 timar i strekk og sanka poeng. (Bilde: Jenny Farsund Storvik)

Ønskjer bli klatringas svar på Kjeringi Open

Sogndal klatreklubb arrangerte denne helga maraton for klatrarar i Kvamsviki.

I klatrefeltet i Kvam er det mange ruter å velje mellom. 
I klatrefeltet i Kvam er det mange ruter å velje mellom.  Foto: Mie Dahl Pind

Sogndal: Denne helga vart det arrangert klatremaraton i Kvam. I maratonet var det elleve lag som deltok med 22 dyktige klatrarar. Dei klatra tolv timar i strekk, frå klokka 08 om morgonen til klokka 20 om kvelden.

Konseptet er å klatre så mange ruter ein greier i tolvtimarsperioden. Kvar rute har poeng etter vanskelegheitsgrad. Dess høgare rutene er gradert, dess meir poeng får klatrarane.

Kvart lag består av to klatrarar.

Veljer ulik taktikk

Jenny Farsund Storvik seier til Porten.no at vanskelege ruter gjev meir poeng, men ein vert sjølvsagt mest sliten av desse.

– Den beste taktikken er kanskje ikkje å gå berre vanskelege ruter. Ein må kanskje ta med mange lette ruter for å sanke poeng, og samtidig ikkje bli så sliten at ein ikkje greier å klatre meir, seier Storvik.

Ho legg til at folk har ulik taktikk. Dei færraste av oss er vande med å klatre så lenge, og har muligheit til å overraske oss sjølv med kor mykje meir vi klarar når vi trur vi er utslitt.

Storvik seier at dei på sikt ønskjer å bli klatringas svar på Kjeringi Open.

– Både bredde og topp er med. Ein kan like godt konkurrere med seg sjølv og prøve å klare fleire ruter enn i fjor, eller vere med fordi det er sosialt og ei annaleis og morosam klatreøkt. Dette prøver vi å understreke med å ha premie for beste kostyme og trekke ein premie blant deltakarane, avsluttar Storvik.

Klatra 73 ruter

I fjor vann Tobias Brodahl og Sigbjørn Veslegard herreklassen med 50 ruter kvar. I år tok dei andreplassen med 68 ruter og 19 750 poeng.

Øvst på lista i herreklassen kom Olav Farestveit og David Postelt med 73 ruter og 23 650 poeng.

Beste damelag var Idunn Litlere og Jenny Farsund Storvik med 62 ruter og 10 450 poeng.

Etter konkurransen var det premieutdeling og grilling utanfor Folkehøgskulen.

Til toppen