NOKO SKURRAR: Trass fleire rapportar går det berre dårlegare og dårlegare med fiskebestanden i Årdal. No vil leiar i ÅJFF, Vidar Moen, sjå på tilstanden med nye auge. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NOKO SKURRAR: Trass fleire rapportar går det berre dårlegare og dårlegare med fiskebestanden i Årdal. No vil leiar i ÅJFF, Vidar Moen, sjå på tilstanden med nye auge. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

Ønskjer eit nytt syn på elvene i Årdal

Leiar i Årdal Jeger og Fiskeforening (ÅJFF), Vidar Moen, er klar på at det er gjort ein for dårleg jobb med å tilstandsvurdera elvene i Årdal. 

Årdal: Difor har foreinga no henta inn eksperthjelp i biolog og ingeniør Ulrich Pulg og Sebastian Stranzl, samt biolog Espen Olsen Espedal, alle frå UNI Reasearch i Bergen.

Over fleire år har fiskebestanden i Årdøla, Utla og Hæreidselva blitt gradvis dårlegare. Heilt sidan 1999 har den lokale fiskerforeininga jobba saman med Hydro, som er utbyggjar, og pressa på for å setja inn tiltak. 17 år seinare er lite gjort.

– Me kan ikkje dette her og har ingen resultat å vise til. Det me har gjort i alle år er at me har hjelpt Hydro å setja ut fisk. Samstundes har me hatt eit ønske om å gjera ei god undersøking av elva fordi me har vore heilt opne på at det er gjort ein altfor dårleg jobb, seier Moen.

– Går for seint

Til no er det gjort tilstandsvurderingar av gytefisk og ungfisk, men ikkje ei skikkeleg undersøking av gyteforhold, habitat, vassføring og temperatur. Mellom anna kjem det varmtvatn som held 37 grader frå Tya ut i elva. 

– Hydro har laga ein tiltaksplan, der mykje av planen er god, men så går det for seint før det skjer noko. Det blir laga side opp og side ned med rapportar, men ingenting skjer. Me tenkjer at ved å gi informasjon til våre medlemar, er det fleire som snakkar forvalting. 

– Me har i for stor grad vore opptekne av å premiera den største fisken, men i år skal me premiera dei som leverer inn mest fisk til klekkeriet og dei som set ut att fisk. Me må snu dette, legg leiaren til.

Effektfulle tiltak i Aurland

Dei tre forskarane frå UNI var difor invitert til Årdal då ÅJFF hadde årsmøte onsdag. Dei tre kom rett frå Aurland, der dei har bidrege med sin kunnskap til å gjere ei rekke tiltak i elva.

Der har tiltaka gått ut på å betre elvebotnen. I Aurland var det få gyteplassar att for fisken, men ved å harve og tilføre gytegrus, har det skjedd ei dobling av ungfiskbestanden her. 

Artikkelen held fram under biletet.

LEGETIME: Når den same legen seier du er frisk, men formen blir dårlegare og dårlegare, er det på tide å bestille legetime hjå ein annan lege – i dette tilfelle hjå Ulrich Pulg.
LEGETIME: Når den same legen seier du er frisk, men formen blir dårlegare og dårlegare, er det på tide å bestille legetime hjå ein annan lege – i dette tilfelle hjå Ulrich Pulg.

– Ein kan samanlikna det med å gå til ein lege. Det kan løne seg å hente råd frå ein annan lege dersom ein har vore til den same i 20 år og han seier du er heilt frisk, men så blir pasienten dårlegare og dårlegare. Då er det på tide å bytte lege, seier Ulrich Pulg.

Som ein hage

Han oppmoda ÅJFF om å fortsette å trykke på og kreve handling frå Miljødirektoratet og utbyggar. Ifølgje Vidar Moen blir det no eit møte før sommaren med mellom anna direktoratet og fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

– Det går nedover, og viss ein vil ta vare på fisken, burde ein handle, er meldinga frå Pulg.

Han samanliknar elvebotnen med ein hage eller ein åker.

– Akkurat som i ein hage eller ein åker er det her produksjonen skjer. Då forskarar har studert elver tidlegare, har elvebotnen fått lite fokus, men steinsamansetning og forholda i elvebotn er også viktig og avgjerande for fiskeproduksjon. Det finst mykje ny kunnskap som burde takast i bruk.

Artikkelen held fram under biletet.

UNDERSØKTE HÆREIDSELVA: Sebastian Stranzl har undersøkt Hæreidselva og fann mellom anna at elva var svært gjengrodd med få gyteplassar.
UNDERSØKTE HÆREIDSELVA: Sebastian Stranzl har undersøkt Hæreidselva og fann mellom anna at elva var svært gjengrodd med få gyteplassar.

– Noko skurrar

I 1999 var det nedsett ei gruppe som skulle laga planar for vassdraga i Årdal. I 2004 vart vassføringa overført til Årdalsvatnet i samband med utbygging, noko som gjorde at 70 prosent av normalvassføringa i Årdøla forsvann. Utbygging på Holsbru har gjort at noko meir vatn er tilført, men forholda har endra seg veldig i elva som renn forbi fabrikkområdet. 

– Dei er heilt forandra ved at ein fekk tilført varmt vatn. Då er det slik at det er to ulike årstider i den øvre og nedre delen av elva. Når plommesekken er tom, må fisken opp for å skaffe mat, og då er ein avhengig av at han går opp på eit tidspunkt av året når det er mat å få, forklarar Moen.

– Det er noko som skurrar, og som me treng fagleg hjelp til å vurdere fordi det er gjort ein altfor dårleg jobb. 

Til toppen