SJØBAD: Sivilarkitekt Jill Jevnaker frå Årdal har laga eit utkast til eit fjordbad med oppvarma vatn ved Meieriparken på Årdalstangen, skriv Sogn Avis. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SJØBAD: Sivilarkitekt Jill Jevnaker frå Årdal har laga eit utkast til eit fjordbad med oppvarma vatn ved Meieriparken på Årdalstangen, skriv Sogn Avis. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ønskjer eit oppvarma fjordbad her

Sivilarkitekt Jill Jevnaker frå Årdal har laga eit utkast til eit fjordbad med oppvarma vatn ved Meieriparken på Årdalstangen.

Årdalstangen: Det er Sogn Avis som skriv om dei spenstige tankane hennar tysdag. Jevnaker er tilsett i arkitektkontoret Ratio. Ho har teikna det som kan bli ein ny attraksjon i Årdal.

– Det vil kunne vera ein sosial­ treffstad lokalt samstundes som ein må ha ambisjonar om å skapa ein turistattraksjon. Eit sjøbad kan åleine vera ein grunn til å koma til Årdal. Dette er eit framlegg frå vår side, seier Jill Jevnaker til avisa.

I tillegg til eit sjøbad er det tenkt eit innandørs badehus, ei flytande badebrygge, badstove, sandstrand og scenegolv.

Det pågår for tida eit arbeid med å utvikle sjøfronten frå kaibygget og over til Meieriparken på Årdalstangen. Mellom anna er selskapet Årdal Sjøfront stifta og kapitalisert opp. I juni skal Årdal kommune ruste opp det hindre hamnebassenget – eit arbeid som skal vere ferdig før Målrock.

Planane til Jevnaker vert spelt inn til Årdal Sjøfront, kommunen og Årdal Utvikling.

Til toppen