HER: – Slik det ser ut, kan det ikkje bli verre uansett, meiner Hans Inge Thyri om dette området der det kan koma ei stor hamn. Steinfabrikken han viser til er den gråe bygningen til venstre. Foto: Ole Ramshus Sælthun
HER: – Slik det ser ut, kan det ikkje bli verre uansett, meiner Hans Inge Thyri om dette området der det kan koma ei stor hamn. Steinfabrikken han viser til er den gråe bygningen til venstre. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Ønskjer hamn hjarteleg velkommen i Erdal

Hans Inge Thyri, bebuar i Erdal, meiner strandlinja der EcoInowaste vil plassera hamn er perfekt eigna.

Lærdal: – Heile strandlinja frå Lærdal sentrum og inn til Erdal er jo meir eller mindre rasert. Slik det ser ut, kan det ikkje bli verre uansett. Det rasa ut ved steinfabrikken på 70-talet og har stått heilt i forfall sidan, seier Thyri.

Selskapet EcoInowaste ønskjer at det blir bygd ei hamn i Erdal for frakting av tømmer i samband med den planlagde pelletsfabrikken i Håbakken. Dei har bede Lærdal kommune utarbeida ein reguleringsplan for området og kor vidt oppstart av planarbeidet får politisk tilslutning blir avgjort i kommunestyret torsdag.

Les også: - Hamn er like viktig som Håbakken

Grunneigarane på den aktuelle eigedommen protesterer kraftig og har skrive brev til politikarane i Lærdal der dei skriv det er heilt uaktuelt å avhenda området for deira vedkomande. Også dei næraste naboane protesterer, og meiner det blir ubebueleg nedst i Erdal.

Både grunneigarar og dei næraste naboane meiner også ei hamn kan få negative konsekvensar for både miljø og bruken av området for turistar og til rekreasjon.

Les også: - At ein vil ofra to nærmiljø for ein fabrikk er uforståeleg

– Må vera ei velsigning at det blir aktivitet i området

Thyri meiner desse argumenta fell i fisk:

– Når ein snakkar om turisme, må det vera ei velsigning at det blir aktivitet i området. Og det kan altså ikkje bli sjåande verre ut. Eg ønskjer hamn hjarteleg velkommen og at området blir utnytta på ein fornuftig måte.

– Naboane er bekymra for støy og lukt?

– At det kan bli noko lurveleven er klart, men det var steinfabrikk der tidlegare og då var det også støy. Me lever i ei verd som skal leva også. Det blir nok sett opp ein jordvoll for å skjerma mot støyen. 

– Det blir ikkje vakrare av at ein ventar

Thyri er nestleiar i Lærdal senterparti, men strekar under at han ikkje har diskutert dette politisk og har desse synspunkta som bebuar i Erdal.

– Eg køyrer forbi kvar dag og ser korleis det ser ut.

– Grunneigarane og naboane reagerer på prosessen - at det er gjort lite grunnlagsarbeid og at dette kjem opp svært fort. Kva tenkjer du om det?

– Uansett kor grundig det blir gjort, vil nokre klaga på at det ikkje er grundig nok. Det blir ikkje vakrare av at ein ventar, og det har ligge slik i førti år. På eit tidspunkt må ein ta første steget, og ta det vidare deretter. Skulle det visa seg at området ikkje er eigna i det vidare, får ein ta det til etterretning då.

– Hadde planar for området som kommunen verka mindre interesserte i

Ingrid Bjørkum er ein av grunneigarane på eigedommen der EcoInowaste ønskjer hamna plassert, og forfatta brevet om saka som vart sendt politikarane tidlegare denne veka.

Ho meiner argumenta til Thyri fell på steingrunn:

– Det kan faktisk bli mykje verre. Ei storhamn som går inn heile bukta og langt ut i fjorden vil øydeleggja munningen for heile dalen. Det må betre argument til for ei storhamn enn som så

Bjørkum strekar dessutan under at ho og dei andre grunneigarane ønskja å utvikla strandlinja der hamna no er tenkt plassert. Dei laga ein moglegheitsstudie med småbåthamn og hytter nedtil fjorden med tanke på turisme.

Artikkelen held fram under skissa

PLANANE: Slik såg grunneigarane på eigedommen føre seg å utvikla bukta. Småbåthamna skulle kunne ta 48 båtar, dei tre blåe kvadrata er sjøbodar som var meint som overnattingstilbod, og dei såg føre seg serveringstilbod i den større bygningen ved sidan av (den raude bygningen på hovudbiletet i denne artikkelen), som også ligg der i dag.
PLANANE: Slik såg grunneigarane på eigedommen føre seg å utvikla bukta. Småbåthamna skulle kunne ta 48 båtar, dei tre blåe kvadrata er sjøbodar som var meint som overnattingstilbod, og dei såg føre seg serveringstilbod i den større bygningen ved sidan av (den raude bygningen på hovudbiletet i denne artikkelen), som også ligg der i dag.

– Fjorden er svært djup her, og me fekk gjennom arbeidet med moglegheitsstudien beskjed frå Sintef om grunnen ikkje var eigna til å fyllast ut, at massane ville kunne rasa vidare utover. Dette førte til at reguleringsplanen vart vesentleg dyrare enn det først såg ut til, oppi tohundre tusen kroner.

–I tillegg fekk me ikkje stein til ein planlagt molo fordi E-CO inngjekk avtale med kommunen om å levera stein teke ut frå det då planlagte Mork kraftverk, så me fekk uføresette problem her også. Dette sett i samanheng med at me vart usikre på om det elles let seg realisera av kostnadsomsyn gjorde at planane stranda.

Om politikarane i Lærdal går inn for oppstart av planarbeid for hamn i Erdal blir avgjort i kommunestyremøtet torsdag. Møtet startar klokka 10 og Porten.no streamar møtet.

Til toppen