Aurland: - Me vil vera på parkeringsplassen på aurlandssida av Geiteryggtunnelen frå onsdag ettermidag til påskeafta laurdag, seier Ragnhild Friis Tveit.
- Her vil me spørja om folk kan tenkja seg å registrera fjellrypene dei ser når dei er ute på påsketur. Og me vil dela ut papirkart, legg Jacob Poller Marsi til.

Saman med Kristine Mæland skriv dei bacheloroppgåve i landmåling og eigedomsdesign ved Høgskulen på Vestlandet. Temaet for oppgåva er å finna ein systematisk metode for registrering av fjellryper.
- Kartlegging av fjellrype blir gjort på bakgrunn av tilfeldige observasjonar. Me vil testa om ein slik metode kan bidra til å få inn meir data, seier Friis Tveit.
App og nettside
Dei tre driv også og utviklar ein app for registrering av fjellryper og har laga ei eiga nettside, Fjellrypene, med informasjon om prosjektet.

- Folk kan anten merka inn registreringane på papirkartet dei får utdelt og levera kartet tilbake til oss etter å ha vore på tur. Eller dei kan registrera observasjonane elektronisk i etterkant, seier Poller Marsi.
På den eine sida handlar det om behov for betre kartlegging av fjellrype, forklarar han vidare:
- Dette for å testa om slik registrering er eit godt alternativ til tradisjonell linjetaksering med hund. Denne typen registrering blir gjort for å kartleggja lirype. Fjellrypebestanden blir vurdert som nær truga, men ein har lite datagrunnlag for fjellrype spesielt.
- Metodikken kan ha vidare potensiale
På den andre sida handlar prosjektet om å testa ut metoden "crowdsourcing" til kartlegging i vidare forstand. Crowdsourcing tyder grovt sett å få informasjon frå ei udefinert gruppe av folk, som oftast med internet som hjelpemiddel.
- Om me ser at dette fungerer bra i dette prosjektet har metodikken godt potensiale - ikkje berre for ryperegistrering. Spørsmålet er kor lett det blir å engasjera folk, seier Friis Tveit.
Prosjektet er eit samarbeid med Aurland Fjellstyre, og er basert på eit forskingsprosjekt av Ane Margrethe Lyng og Per Kåre Sky.
Kor lett det blir å engasjera folk er ein usikkerheitsfaktor - ein annan er kor mykje folk som skal på tur på Aurlandsfjellet i påska.
- Om det blir dårleg vêr reiser færre folk på tur og me når ut i mindre grad, seier Friis Tveit