VIL HA IDEAR: Årdalstangen idrettslag ber folk som sit med idèar, på andre vis kan bidra til eller ønskjer å stilla ut eller selja produkt under Fjord til Fjell ta kontakt. Arkivfoto frå Fjord til Fjell 2016 
VIL HA IDEAR: Årdalstangen idrettslag ber folk som sit med idèar, på andre vis kan bidra til eller ønskjer å stilla ut eller selja produkt under Fjord til Fjell ta kontakt. Arkivfoto frå Fjord til Fjell 2016 

Ønskjer idear og tankar om Fjord til Fjell

Årdalstangen idrettslag inviterer alle som har noko dei kan tenkja seg å bidra med - om det er produkt til sal eller utstilling, framsyningar eller rett og slett idear rundt Fjord til Fjell - om å ta kontakt.

Årdal: - Om du er ein kunstnar, bakar eller eigen næringsdrivande som vil visa eller selja produkta dine, så ta kontakt med oss. Saman skal me klare å få til noko, seier leiar i Årdalstangen Idrettslag, Roy Andrè Bergerud.

Årets utgåve av Fjord til Fjell går av stabelen 2. - 4. juni, og idrettslaget vil ha ein så mangfaldig marknad som mogleg:

- Me veit at bygda vår har mange flinke bakarar, kunstnerar, folk som sel hudpleieprodukt og diverse. Fjord til Fjell er ein glimrande mogelegheit til å profilera produkta ein har, seier Bergerud.

Vidare ønskjer han og resten av idrettslaget skapa eit Fjord til Fjell arrangement som alle kan lika gjennom ein kollektiv dugnad i form av idèar som kan tiltrekkja seg folk frå bygd og by:

- Om du er ein som gjerne kunne tenkt deg til å vera med å arrangera Fjord til Fjell, so vil me gjerne at du kontaktar oss. Det har ingenting å seia kvar du bur, eller kva du driv med. Me set pris på alt ein kan bidra med. Og har du nokre idear eller tankar om Fjord til Fjell, så ta kontakt.

E-postadresse for innspel er: leiar@aatil.no

 

Til toppen