Gulen: HAFS regionråd vurderer ny organisering i samband med fylkessamanslåinga. Gulen kommune må då velje om den vil halde fram med dobbelt medlemskap i både HAFS og Nordhordland regionråd, eller om kommunen berre skal sjå sørover.

Ønskjer ikkje å vere med HAFS regionråd på Sunnfjord-samarbeid
Gulen kommune vender truleg nasen beint sørover mot Nordhordland og gjev opp dobbelt-medlemsskapet i to regionråd dersom HAFS regionråd vender seg nordover. Regionrådet vurderer ny organisering for å styrke eigen posisjon i Vestland fylke.