INGEN STØTTE: Arild Ingar Lægreid (Ap) skriv i eit brev til fylkeskommunen at Årdal kommune ønskjer ikkje å samle tannhelsetenestene til Lærdal sjukehus til rådmannen i Lærdal foreslår. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
INGEN STØTTE: Arild Ingar Lægreid (Ap) skriv i eit brev til fylkeskommunen at Årdal kommune ønskjer ikkje å samle tannhelsetenestene til Lærdal sjukehus til rådmannen i Lærdal foreslår. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Ønskjer ikkje ei samling av tannhelsetenestene

Årdal kommune seier i ein høyringsuttale at dei ikkje ønskjer å samlokalisere tannhelsetenesta til Sogn LMS ved sjukehuset i Lærdal.

Årdal: Det kjem fram av ein høyringsuttale som ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) har sendt til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dette informerte han om i formannskapsmøtet tysdag.

– Årdal kommune gav ikkje uttale fordi me ikkje var på lista over truga tannklinikkar i fylket. Og så har me blitt gjort merksemde på at Lærdal kommune har bede fylkeskommunen om å vurdere om ein kan samle tannhelsetenesta på denne sida av fjorden til Lærdal sjukehus, sa han.

Og ganske riktig. I eit brev sendt til fylkeskommunen 18. mars skriv rådmann i Lærdal, Alf Olsen jr., at tannhelsetenesta på lik linje med ei rekke tenester vil trengje omstilling for å møte nye krav til tenesta i framtida.

SAMLOKALISERING: Rådmann i Lærdal, Alf Olsen jr., foreslår å samle tannhelsetenesta til Lærdal. Arkiv
SAMLOKALISERING: Rådmann i Lærdal, Alf Olsen jr., foreslår å samle tannhelsetenesta til Lærdal. Arkiv

Større fagmiljø

– Det vert vist til at komande generasjonar med tannlegar vil krevje større fagmiljø og støtte i faget i eit breiare fagmiljø. Større miljø kan gi betre ressursutnytting av klinikkutstyr, betre trening og lettare å etablere mentorordningar, skriv rådmannen.

– Lærdal kommune er oppteken av at klinikken i Lærdal vert ført vidare. Me ser ei sentral plassering på sørsida av fjorden som eit godt utgangspunkt for å nå brukarar i andre kommunar.

Lærdal kommune vurderer på sikt å leggja sine helsetenester til Lærdal sjukehus for samlokalisering med Sogn Lokalmedisinske senter (LMS) og sjukehuset. Det er i den samanheng at dei føreslår at tannhelsetenesta også kan trekkjast inn i drøftingane kring ei slik løysing. 

Støttar ikkje forslaget

Men det ønskjer ikkje Årdal kommune. Kommunen gav i utgangspunktet ikkje uttale i saka, men fann det rett å seie frå etter dei vart kjend med tankane til nabokommunen.

– Årdal kommune har ein godt fungerande tannklinikk i nye lokale og vil ikkje støtte opp om ei samlokalisering av tannhelsetenesta til Sogn LMS ved sjukehuset i Lærdal. Årdal kommune ønskjer å vidareføre tannhelsetensta slik ho er organisert i Årdal, skriv Lægreid i brevet.

Til toppen