SKILTGRUPPE: I Lærdal skal ei eiga skiltgruppe jobba med å oppdatera og skifte ut skilt. Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.
SKILTGRUPPE: I Lærdal skal ei eiga skiltgruppe jobba med å oppdatera og skifte ut skilt. Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.

Ønskjer innspel til skilting i Lærdal

Skiltgruppe i Lærdal kommune skal sjå nærare på behovet for nye skilt.

Lærdal: Gruppa har ansvar for all skilting i kommunen unntatt langs stamveg E16 og riksvekar, samt fylkesvegar. 

Ansvarsområdet omfattar identifisering og kartlegging av behovet for nye skilt, oppdatering, vedlikehald og fjerning av utdaterte skilt, standardisere skiltutforming, revisjon av eksisterande retningslinjer for skilting, samt utarbeiding av plan, drifts- og investeringsbudsjett for gjennomføring av arbeidet.

Denne gruppa skal vidare drøfta, avgjera og gjennomføra skiltsaker og leggja fram årsrapport og årsplan for kommunestyret.

For at dette skal fungere best mogleg og gje best resultat, ønskjer gruppa no innspel frå både næringsliv og private i Lærdal. 

– Me er no i gang med å kartlegga status i kommunen og ser på behov for vedlikehald, oppdatering, fjerning og nye skilt, for deretter å komma opp med ein plan over kva som skal prioriterast og når. I dette arbeidet inviterer me til innspel, så dersom du har anten konkrete forslag eller ser område som ein bør vurdera, så ta kontakt, skriv gruppa på Lærdal kommune si nettside

Til toppen