GJEV PRIS: I 2014 vart prisen delt ut til Kari Støfringsdal for hennar arbeid med å ta vare på og føre viare lokale mattradisjonar.
GJEV PRIS: I 2014 vart prisen delt ut til Kari Støfringsdal for hennar arbeid med å ta vare på og føre viare lokale mattradisjonar. (Foto: Arkiv)

Ønskjer kandidatar til Fylkeskulturprisen

Kjenner du nokon som gjev ein ekstra innsats for lokalkulturen?

Indre Sogn: Då vil fylkeskommunen Sogn og Fjordane høyra frå deg. 

Dei ber no deg om å sende inn forslag til personar som fortener ein slik pris innan 15.oktober.

FJORÅRETS VINNAR: Kristin Sønnerheim frå Aurland fekk fylkeskulturprisen for arbeidet ho har gjort for Aurlandsdalen. Foto: Ole Johannes Øvretveit / NRK

I fjor var det Kristin Sønnerheim frå Aurland som fekk den gjeve prisen. Ho har jobba i over 50 år for å gjera Aurlandsdalen tilgjengeleg for alle, og er aktiv i sanitetslaget.

Fylkeskulturprisen går til einskildpersonar eller lag og organisasjonar i fylket, der kandidaten har vist vedvarande evne og vilje til å yta aktiv kulturinnsats utover det vanlege, ha talent eller vise kreativitet og evne til nyskaping.

Til toppen