Aurland: – Me ønskjer å få til ei historisk utstilling dersom me får inn nok. Det kan vera opplysningar, bilete og anna materiale knytt til vegaksjon, planlegging, bygging og drift av vegen. Kanskje kan det bli ei bileteframsyning, me har sett på ulike alternativ, seier aurlandsordførar Noralv Distad.
Vegen over Aurlandsfjellet vart bygd som kommunal veg og første bilen køyrde over 22. august 1966, men sjølve den offisielle opninga vart gjort 1. juli året etter.
Les også: 50 år sidan aurlendingane kunne køyre bil ut av kommunen
– Me planlegg ei markering 1. juni no i år, først og fremst på Aurlandsvangen i løpet av ettermiddagen denne dagen. Dette er datoen vegen opnar att etter å ha vore vinterstengt. Så legg me opp til underhaldning og kanskje ein køyretur over fjellet for inviterte, seier Distad.
Vegen kosta totalt 2,3 millionar kroner og innbyggjarane i Aurland stilte med 300 000 kroner
– Det skjedde mykje i framkant av vegbygginga med innsamling av pengar og vegaksjonar, materiale i samband med dette vil me gjerne ha inn. Og opplysningar om kven som var med og bygde vegen; me veit om nokre, men det kan vera fleira. Det var også bomveg fram til på 80-talet og har seinare vorte nasjonal turistveg, så det er mykje historikk tilknytt vegen me vil få fram.
Les meir om korleis ein kan henvenda seg om ein sit på materiell på Aurland kommune sine nettsider.