Dette er forsidebiletet på årets Lærdalskalender, no ønskjer Lærdal Musikklag og Lærdal Idrettslag nye blinkskot til 2018-utgåva. Det er liggjande, digitale bilete som gjeld. Foto: Øyvind Hamre
Dette er forsidebiletet på årets Lærdalskalender, no ønskjer Lærdal Musikklag og Lærdal Idrettslag nye blinkskot til 2018-utgåva. Det er liggjande, digitale bilete som gjeld. Foto: Øyvind Hamre (Foto: Arkiv)

Ønskjer seg blinkskot til den tradisjonsrike kalenderen

Snart går fristen ut for å senda inn biletet til den 13. utgåva av Lærdalskalenderen. Fotografane av bileta som blir plukka ut får pengepremie. 

Lærdal: – Det er litt varierande kor mykje bilete me får inn, men det kunne godt ha vore mykje fleire. Det er jo så mange som tek bilete, og me har masse spektakulære motiv i bygda vår, seier Magnhild Aspevik i Lærdal Musikklag.

Lærdalskalenderen kom ut første gong i 2006 og har motiv frå bygda på alle årets tolv månader. Gjennom ein fotokonkurranse kan den som har teke eller går ut og tek bilete frå bygda bidra til kalenderen ved å senda inn bilete til laerdal.musikk@gmail.com med kontaktinfo innan 1. mai.

– Me vil ha motiv både frå heile bygda og frå alle årstidene i kalenderen, så av og til går me glipp av fine bilete fordi det kjem inn mange frå same området. Men dett er veldig varierande frå år til år. Når det gjeld årsidene får me ofte inn litt lite motiv frå mars og april, seier Aspevik.

Ønskjer spesielt motiv av bygningar, kulturmiljø kvardagsliv og turmål

Og sidan me er i april no er det gode moglegheiter for å bli med i konkurransen, sjølv om ein ikkje har vore så flittig med kameraet til no. Fotografar av bilete som blir brukte inne i kalenderen får 500 kroner, den som tek biletet som blir forsidemotiv får 1000 kroner.

– Gamleøyri går att, det same gjer motiv frå fjord og fjell. Så me kunne godt få inn fleire bilete av kjende eller markante bygningar, gjerne meir – det same gjeld kvardagslege motiv. Det kan liggja spennande motiv rett utfor døra, seier Aspevik.

Lærdalskalenderen er eit samarbeid mellom Lærdal idrettslag og Lærdal musikklag. Kalenderen er laga med stønad frå Lærdal Energi og Indre Sogn Sparebank. Juryen som plukkar ut dei 13 bileta til kalenderen består av representantar frå desse fire.

I tillegg til at bilete av kjende bygningar og kulturmiljø står høgt på ønskjelista, er også motiv som viser turmål i Lærdal kjærkomne. 

– Om lag åtte hundre kalenderar blir selde i året, og dette er ei viktig inntekt for både musikklaget og idrettslaget, avsluttar Aspevik.

 

Til toppen