Lærdal/Aurland: Det seier fagleiar for flyktningstenesta i NAV i Lærdal og Aurland, Turid Stigen Sørensen.
For, no er det over førti flyktningar i Lærdal og femten i Aurland. I Lærdal ventar Stigen Sørensen at ein vil koma opp i femti flyktningar i juni.
Les også: Sirwan kom kjapt ut i full jobb
Les også: Får 400 000 ekstra for å ha busett mange flyktningar
Dei kjem frå andre kulturar med andre ordningar, og veit gjerne ikkje så mykje om korleis ting fungerer i Noreg
– Det er stort behov for lokal rettleiing, og det er ulike behov; frå det til å ha nokon å spørja på kveldstid, til å forklara kvifor butikken er stengt på ein måndag det er heilagdag. Det kan vera å gå turar eller eta middag saman. Her er det berre kreativiteten som set grenser, seier Stigen Sørensen.
– Meir systematiske rammer
Torsdag er det informasjonsmøte om det å vera flyktningguide på Rådhuset i Lærdal klokka 18. Representantar frå Røde Kors og NAV både lokalt og på fylkesplan vil vera til stades.
– I dag har me ei veldig avgrensa ordning med nokre som er flyktningvener. Me treng å utvikla dette fordi behovet er større. Og me treng å organisera dette i meir systematiske rammer. Ordninga er nyoppstarta; det er NAV Sogn og Fjordame som kjem for å starta prosjektet, så tek dei lokale Røde Kors - laga over, seier Stigen Sørensen.
På møtet får interesserte altså høyra om ordninga med flyktningguide og dei som møter opp kan anten registrera seg som guidar under møtet eller venta og tenkja seg om litt for å eventuelt registrera seg seinare.
– I Aurland har me alt fått telefonar frå interesserte. Ein skriv under på ein avtale for eitt år, så kan ein velja vidare gang når året har gått. Ofte er flyktningane meir integrerte etter eitt år.
– Fritt fram å vera ven med flyktningar
Stigen Sørensen fortel også at ein står rimeleg fritt til korleis ein legg det heile opp.
– Når det gjeld tidsbruk er det sagt at ein normalt er med dei mellom ein og to timar i veka. Men det er ikkje noko press her. Kanskje vil ein «samla opp» og vera med dei to timar annakvar veke i staden. Det blir sagt noko om dette på infomøtet, men ligg ikkje føre nokre absolutte rammer.
– Elles er det fritt fram å vera ven med flyktningar, det treng ikkje vera skrive nokon plass, avsluttar jo.