TA BILETE: Stadig fleire tek bilete etter ei ulukke. I mange tilfelle kan oversiktsbilete av ulukkesstaden avgjere skuldspørsmålet. (Foto: Lars Bahl/ NTB scanpix/NPK)
TA BILETE: Stadig fleire tek bilete etter ei ulukke. I mange tilfelle kan oversiktsbilete av ulukkesstaden avgjere skuldspørsmålet. (Foto: Lars Bahl/ NTB scanpix/NPK)

Ønskjer seg oversiktsbilete

Mobilkameraet gjer det enkelt å ta bilete ved ei ulykke. Men forsikringsselskapa er ikkje nøgd med fotoprioriteringane hjå dei som er innblanda i ulykker.

– Etter eit uhell kan vi til dømes få inn fem-seks bilete av skadane på bilen, og berre eitt av staden der skaden har skjedd, seier Ivar Kristan Andersen, fagsjef i IF.

Han ønskjer seg fleire oversiktsbilete, og færre detaljbilete av skadane på bilen.

– Ta rikeleg med oversiktsbilete frå staden. Få med bilete som viser kva for ei retning bilane kom frå, av bremsespor, vegmerking, avstand til vegkant og der i vegbana kollisjonen skjedde. Eventuelle skilt bør du òg ta bilete av, seier Andersen.

Han seier at teikninga på skademeldinga ikkje alltid gjev eit godt nok bilete av kva som har skjedd.

– Framleis er skademeldingsskjemaet med begge partane sine signaturar det viktigaste dokumentet etter ein smell eller ein bulk, men gode bilete av kva som har skjedd kan vere til stor hjelp i dei tilfella der det oppstår usemje, ifølgje Andersen.

Tal frå Finans Noreg viser at nordmenn kvart år skadar bilane sine for over fem milliardar kroner.

Lexus nye luksus

Lexus LF-FC er førebels ein konseptbil, men det er ikkje utenkjeleg at bilen blir den neste store luksusbilen frå merket – og at den dermed vil overta etter LS600h.

Konseptbilen er 5,3 meter lang og følgjer Lexus' formspråk med ein kraftig grill og ein design som skil seg ut. Drivlina skil seg også ut, for på same måte som i Toyota Mirai er konseptbilen drevet av brenselcelle-teknologi. Dermed kan det virke som Toyota og Lexus vil satse bredt på denne teknologien framover.

Artikkelen held fram under biletet. 

DIGER: Til så lenge er den 5,3 meter lange luksusbilen frå Lexus berre eit konsept.
DIGER: Til så lenge er den 5,3 meter lange luksusbilen frå Lexus berre eit konsept.

Autonom Nissan på straum

Med eit batteri på 60 kWh er Nissan IDS bygd for langturane, om vi skal tru Nissan. Den heilelektriske bilen kan køyre autonomt, samstundes som han har ein manuell funksjon. Her køyrer føraren som vanleg, men bilen gjev informasjon om kva han sjølv meiner er dei beste vala for føraren å ta.

Ifølgje Nissan skal teknologien i bilen revolusjonere forholdet mellom bil og førar, samstundes lovar produsenten at dei første autonome bilane frå Nissan skal vere på vegen innan 2020.

Artikkelen held fram under biletet. 

ELBIL: Nissan IDS er ein konseptbil som kan køyre autonomt. Nissan lover å ha autonome bilar i produksjon innan 2020.
ELBIL: Nissan IDS er ein konseptbil som kan køyre autonomt. Nissan lover å ha autonome bilar i produksjon innan 2020.

Vil publisere ekte forbrukstal

Etter dieselskandalen med Volkswagen i hovudrolla ønskjer PSA, som produserer Citroën og Peugeot, å vere meir ærlege med sine kundar. Difor vil dei gje opp reelle forbrukstal og ikkje berre vise til forbruksmålingar som er gjort i laboratorium. PSA melder om at det er ein uavhengig organisasjon som skal stå for målingane.

I pressemeldinga frå PSA står det ikkje noko om at det er Volkswagens dieselskandale, populært kalla «dieselgate», som ligg bak avgjerda, men dei legg ikkje skjul på at nettopp Volkswagen har bidrege til å gje dieselmotoren eit dårleg rykte.

Tidlegare i haust blei det kjent at Peugeot legg ned vidare utvikling av dieselhybriden som ein i dag finn i Peugeot 508 RXH.

Artikkelen held fram under biletet. 

REELLE MÅLINGAR: Citroën og Peugeot er lei fiktive målingar av forbruk. No vil dei publisere reelle målingar av forbruket til bilane.
REELLE MÅLINGAR: Citroën og Peugeot er lei fiktive målingar av forbruk. No vil dei publisere reelle målingar av forbruket til bilane.

Hydrogen-Honda

På den store bilutstillinga i Tokyo viser Honda andre generasjon av Clarity. Elbilen, der straumen til elmotoren vert laga i ei brenselcelle, har ei rekkjevidd på 700 kilometer. Motoren i den 4,89 meter lange bilen har ein yting på 177 hestekrefter.

Det er venta at bilen skal komme til Europa i avgrensa mengd i 2016. Ifølgje Honda skal det ta rundt tre minutt å fylle hydrogentanken. (©NPK)

BRENSELCELLER: Frå før har Honda produsert ei lita mengd av hydrogenbilen FCX Clarity. No kjem etterfølgjaren, som òg skal seljast i Europa i ei avgrensa mengd.
BRENSELCELLER: Frå før har Honda produsert ei lita mengd av hydrogenbilen FCX Clarity. No kjem etterfølgjaren, som òg skal seljast i Europa i ei avgrensa mengd.
Til toppen