TETTARE DIALOG: Henrik Rønningen, som er ein del av eigedomsselskapet som eig Domus-bygget i Årdal, meiner politikarane og næringa må ha ein tettare dialog når det gjeld utviklinga av sentrum.
TETTARE DIALOG: Henrik Rønningen, som er ein del av eigedomsselskapet som eig Domus-bygget i Årdal, meiner politikarane og næringa må ha ein tettare dialog når det gjeld utviklinga av sentrum. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Ønskjer tettare dialog mellom næring og politikk

Henrik Rønningen meiner torgplanane til politikarane har skapt unaudsynt mykje støy.

Øvre Årdal: Rønningen er ein del av eigedomsselskapet som eig det gamle Domus-bygget i Øvre Årdal. I dag husar bygget Fagmøbler, Årdal Boligbyggelag og Garanti, samt utestadane Samhold og Bakeriet. I tillegg er det ledig lokale som dei prøver å få leigd ut.

– Me er sjølvsagt opptekne av å ha parkeringsplassar i nærleiken av dei butikkane me leiger ut til, slår han fast.

I førre veke skreiv Porten.no om Arbeidarpartiet sitt forslag om å fjerne parkeringsplassane utanfor Årdalsenteret i Øvre Årdal til fordel for eit torg. Forslaget om eit bilfritt sentrum kom opp som ein kompensasjon for at formannskapet sa ja til 32 nye mellombelse parkeringar på Jotunplassen.

Dårleg kommunikasjon

Førebels er det berre eit forslag, og det er ikkje gjort nokon form for vedtak i saka. Rønningen skulle likevel ønskje at næringslivet vart involvert i større grad tidlegare.

– Det er ikkje kommunikasjon mellom politikken og næringslivet. Ein burde kunne setja seg saman og legge ein plan saman. Dette er tunge prosessar. Ein må få på plass ein tettare dialog og ein arena der me kan snakkast. Det bør vere eit forum for slike diskusjonar der ein finn ut kva ein vil ha i sentrum, slik at me kan få ei løysing alle er nøgde med, seier Rønningen, som er samd i det er mogleg å gjere sentrum meir tilgjengeleg enn det er i dag.

– Før ein går i gang med noko slikt bør det gjerast eit skikkeleg forarbeid. Politikarane burde skjønt at det blir støy når slike forslag kjem på denne måten. Uansett korleis ein vrir og vender på det må me ha parkering, seier Rønningen.

VIL LYTTE: Hilmar Høl (Ap) er samd med Rønningen og understrekar at handelsstanden må lyttast til dersom det blir aktuelt å fjerne parkeringane.
VIL LYTTE: Hilmar Høl (Ap) er samd med Rønningen og understrekar at handelsstanden må lyttast til dersom det blir aktuelt å fjerne parkeringane.

Høl er samd med Rønningen

Hilmar Høl (Ap) deltok i formannskapsmøtet i mai og var den som løfta forslaget opp. Han må innrømme at han er overraska over at dette er lagt ut på høyring allereie. 

– Det er greitt med ein proaktiv rådmann, men me har ikkje diskutert noko enno. Me har sagt at me vil sjå på moglegheitene, ikkje noko meir. For det første må me vera klar over at dette vil gå ut over den kommunale kontoen, og då må me ha eit prospekt. Samstundes er det kanskje lurt å leggja det ut no for å høyra kva handelsstanden meiner, men eg tykte det var litt for tidleg, seier han og er samd med Rønningen om at dialogen kan bli betre.

– Henrik har heilt rett i det han seier. Det me ønskte å sjå på, var om det var moglegheit for å gjera noko med det som låg i sentrumsplanen. Om det blir snakk om å leggja dette ut på høyring, må handelsstanden lyttast til, understrekar Høl. 

PLANAR: Thomas Norheim Moen (Sp) meiner politikarane må sjå på sentrumsplanane.
PLANAR: Thomas Norheim Moen (Sp) meiner politikarane må sjå på sentrumsplanane.

Sp: – Må gjerast noko med sentrumsplanane

Thomas Norheim Moen, gruppeleiar i Senterpartiet, er samd med Høl om at det må gjerast noko med planane for sentrum i Øvre Årdal. 

– Det er ikkje dermed sagt at det skal bli færre parkeringar, men det eg ønskjer er å få til eit meir tilgjengeleg sentrum både for turistar og folk som skal handla der. Det er ingen som seier at me skal byggja ned utan å kompensera. Parkering må me ha, seier Moen.

– Eg meiner me ikkje kan stengja parkeringa og ikkje gjera noko anna. Me må ha med oss handelsstanden og få ein brei debatt om korleis sentrum skal vera. Per i dag er dette ein parkeringsplass som verken er god og er trafikkfarleg. 

Til toppen