DÅRLEG OPPMØTE: I går nådde vi botnnivå då ikkje ein einaste representant frå 1. mai-komitéen stilte opp ved Rådhuset. Då kan ein ikkje klage på at publikum ikkje stiller opp. Tilstades var ca. 15 musikantar samt 1 kommunevakt og 2 friviljuge som heiste flagga. Foto: Privat.
DÅRLEG OPPMØTE: I går nådde vi botnnivå då ikkje ein einaste representant frå 1. mai-komitéen stilte opp ved Rådhuset. Då kan ein ikkje klage på at publikum ikkje stiller opp. Tilstades var ca. 15 musikantar samt 1 kommunevakt og 2 friviljuge som heiste flagga. Foto: Privat.

MEININGAR

Ope brev til 1. mai-komiteen 2016 i Årdal 

Vi må innrømme at motivasjonen til å stille på flaggheis har dalt i takt med den reduserte oppslutninga dette arrangementet har. Dei siste åra har det knapt møtt folk utover eit par representantar for komité og flaggheisarane.

MEINING: Det er viktig å ta vare på tradisjonar - vi vert fattigare både som einskildmenneske og samfunn om vi kastar vrak på dei. Likevel skal ein ikkje halde på tradisjonar for ein kvar pris; dei kan både vere ein hemsko til fornying og ha andre negative effektar. For Årdalstangen Musikklag er dette tilfellet når vi skal gjere opp status etter 1. mai 2016.

Korpset har sterke bindingar til fagrørsla. I si tid var det fagrørsla som initierte grunn- legginga av korpset og korpset har vald å halde på denne bindinga i sine vedtekter. For oss er tradisjon viktig – eit av våre slagord er «Med arven inn i framtida». Men igjen – ikkje for ein kvar pris.

Kvart år har vi stilt opp på 1. mai og bidrege med musikk frå flaggheis om morgonen og til siste arrangement i programmet på ettermiddagen. I fjor måtte vi rett nok melde avbod til spelinga ved flaggheis, då for mange var på jobb og korpset ikkje har økonomi til å dekke tapt løn slik at dei kan ta fri. Til demonstrasjonstoget var dei imidlertid på plass, etter nokre timar velfortent søvn.

Vi må innrømme at motivasjonen til å stille på flaggheis har dalt i takt med den reduserte oppslutninga dette arrangementet har. Dei siste åra har det knapt møtt folk utover eit par representantar for komité og flaggheisarane. I går nådde vi botnnivå då ikkje ein einaste representant frå 1. mai-komitéen stilte opp ved Rådhuset. Og det på plassen som er kommunen sin hovudflaggplass og tusenårsstad. Då kan ein ikkje klage på at publikum ikkje stiller opp. Tilstades var ca. 15 musikantar samt 1 kommunevakt og 2 friviljuge som heiste flagga.

Motivasjonen vart ikkje mykje betre då vi kom til demonstrasjonstoget heller. Der utgjorde korpset med sine 19 musikantar vel halvparten av dei som marsjerte. Den andre halvparten var fane-/flagg-/parolebærarar og representantar frå komitéen. Vi tillét oss å stille spørsmål om arrangementsforma på Årdalstangen er riktig når dei fagorganiserte sjølv ikkje syner større interesse for å delta.

Kvifor skal korpset stille opp når prioriteringa frå oppdragsgjevaren vår er slik? Vi nyttar fritid og øvingstid til å førebu oss (- og ja, vi treng å friske opp att dei same gamle arbeidersongane kvart år) og har kostnadar knytta til å stille på speleoppdrag. Vi har aldri tenkt tanken å ta betaling for å stille opp – bygdefolk og næringsliv sponsar oss godt gjennom sponsorprogram, Grasrotandel, lotteri mm. Likevel må vi vurdere korleis vi nyttar desse midlane til beste for lokalsamfunnet. Etter gårsdagen er nok ikkje det å stille på flaggheis 1. mai 2017 kl. 0745, noko vi tykkjer er rett.

Kjære 1. mai-komité, ver så snill å komme oss i møte på følgande punkt før neste års 1. mai-markering:

  • Invitér oss til eit møte i forkant av at programmet vert fastsett, slik at vi kan diskutere korleis korpset sitt bidrag i programmet skal vere. Detaljane er også viktige for at vi skal kunne gi best mogleg bidrag til arrangementet.
  • Lat oss sleppe å oppleve at vår deltaking er utegløymt frå programmet fleire år, når andre er medteke. Det er slett ikkje berre i år det har skjedd.
  • Som eit minimum krev vi – ja, du les rett – at de er godt representerte på alle programpostar, også salutt/flaggheis om morgonen. Om de ikkje tykkjer det er viktig, kan de ikkje forvente at våre musikarar tykkjer det er i orden å stille opp.

Vi skal bidra med konstruktive innspel så langt vi kan dersom de ynskjer det, og elles vere klar til framtidige 1. mai-markeringar. 

Med helsing for styre og musikantar i Årdalstangen Musikklag

Wenche Hals Kulset (styreleiar)

Til toppen