Foto: Wikipedia commons.
meiningar
Foto: Wikipedia commons.
meiningar

Ope brev til alle stortingsrepresentantane i fylket

Underteikna har merka seg at INGEN av dykk har teke opp Norges Forpliktelsar andsynes Menneskerettane!

Eg legg til grunn at de er godt kjend med dei lover og reglar som gjeld for handsaming av saker  etter Norsk Lov, tildømes Barnevernlova og Straffeprosesslova?

Eg legg vidare til grunn at de er kjend med dei forpliktelsane Norge har til å etterleve dei internasjonale Konvensjonane Norge har underskreve, herunder Den Europeiske Menneskeretts- konvensjonen (EMK) og FN,s Barnekonvensjon, samt Grunnlova Kap. E?

Eg legg vidare til grunn at de er kjend med at Norge er dømd i over 30 saker i Den Europeiske Menneskerettsdomstolen og at det akkurat no er kommunisert heile 9 saker mot Norge for  brot på dei nemde Konvensjonane?

Med dette utgangspunktet finn eg det høgst betimeleg å stille fylgjande Spørsmål:

1. Kvifor har de ikkje funne det viktig nok å nemne desse tilhøva i valkampen eller teke dette opp i eller med Stortinget eller dei aktuelle komiteane , Familie og Justis?

2. Meiner de at dette ligg utanfor dykkar ansvar som folkevalde, i tilfelle ja grunngi dette?

3. Korleis vil de forhalde dykk til Den Norske Stats ivaretakelse av Menneskerettigheitene no og etter at de eventuellt blir vald til Stortinget eller utnemd som statsrådar/statssekretærar?

4. Det er som de sikkert også kjenner til også svært mange borgarar/veljarar i Sogn og Fjordane som er utsett for Statlege OVERGREP og brot på Menneskerettane. Korleis vil de ivareta desse borgarane sine rettar som folkevalde?

Alf Reuss Kollsete

Til toppen