MYKJE PRAKSIS: Me har fått gode moglegheiter til å utvikla oss i Sogndal, gjennom strøyming på UKM, Sogn Avis, NRK, Porten.no, Gasta design, Fjellsportfestivalen - og mange andre stader me kan gjera mediearbeid.
MYKJE PRAKSIS: Me har fått gode moglegheiter til å utvikla oss i Sogndal, gjennom strøyming på UKM, Sogn Avis, NRK, Porten.no, Gasta design, Fjellsportfestivalen - og mange andre stader me kan gjera mediearbeid.

MEININGAR

Ope brev til Hovudutval for opplæring: Må me begynna på nytt?

– Me observerer at blant folk på vår alder og dei som er yngre, så er det mange som tvilar på å søke på medialinja fordi det er så mykje usikkerheit rundt den.

  • Meiningsinnlegg frå 1MK i Sogndal: Synne Råsberg, Amalie Lomheim, Stine Leirdal, Ina Risan, Kjartan Ovrid, Tormod Heggestad, Jacob Årøy, Jostein Stenehjem, Peter Tobias Stegegjerdet, Tobias Molland, Eirik Høgi Nes, Mattias Morken, Valentas Valentukevičius.  

Me er elevar på medielinja på Sogndal vidaregåande skule. Me fikk vite at me kanskje må bli flytta til Hafstad vidaregåande skule andreåret. Det er fleire som har flytta hit for å gå på medielinja i Sogndal, og vil ikkje flytte igjen.

Me trivast godt på media i Sogndal og har lært mykje av å gå på denne linja. Det tok òg lang tid før me fekk tilpassa oss å gå i Sogndal, og no må me begynna på nytt?  

Flytta frå venner, slutta i jobbar

Me vil heller ikkje forlata venner og familie for å flytta på hybel og begynna på ein ny skule med nye folk. Hadde du likt at ungen din måtta flytta to timar vekk frå deg for å gå på ein skule dei ikkje ein gong vil gå på?

Me må òg slutta med fritidsaktivitetar og jobbar, sida me må flytta for å kunna gå i Førde. Det er ikkje alle som er klar for å flytta for seg sjølv, og det at me no blir tvungne til dette fordi de vil leggja ned linja, er forferdeleg. Me synast at dei som skal flytta på hybel, burde gjere dette av eigen fri vilje, og ikkje fordi me blir tvungne fordi vg2 ikkje kjem i gang. 

Det vil òg kosta mykje pengar å flytta for seg sjølv, og me trudde utdanning skulle vera gratis. Sjølv om me får stipend, vil det uansett vera mykje dyrare å flytte eller pendle, samanlikna med det det kostar å bu heime. Dette er det ikkje alle som har råd til.  

Me har fått gode moglegheiter til å utvikla oss i Sogndal, som strøyming på UKM, Sogn Avis, NRK, Porten.no, Gasta design, Fjellsportfestivalen og mange andre stader.

Medieelevar ved Sogndal vidaregåande skule

Fleire har berre søkt andreåret i Sogndal

Då me søkte på skule til andreåret, blei me fortalt at linja skulle vera trygg. Me skulle fått informasjonen om at linja var utrygg før me søkte. De fleste søkte berre i Sogndal, ettersom me blei fortalt at me skulle få fortsetta her. Dei som då ikkje vil flytta frå familien, har ikkje moglegheit til å søka seg inn på ei anna linje.  

Me har fått gode moglegheiter til å utvikla oss i Sogndal, gjennom strøyming på UKM, Sogn Avis, NRK, Porten.no, Gasta design, Fjellsportfestivalen - og mange andre stader me kan gjera mediearbeid. Dette har me gleda oss veldig til, men me får ikkje moglegheita til å gjera dette om me må flytta til Førde. Me tykkjer det er trist om dette skjer. 

Det er den einaste kreative linja i vår region, og me vil ha denne kreative delen, utan å måtte flytta langt heimanfrå. Dette trur me dei som kjem etter oss, òg vil ha som alternativ når dei skal søke på skule. Digital kompetanse er veldig viktig vidare i livet, og det gjer det lettare å skaffe seg jobb seinare. 

Mange tvilar på å søke medialinja fordi det er så mykje usikkerheit rundt den.

Medieelevar ved Sogndal vidaregåande skule

Lærarar har lova tre år

Det er mange elevar som er interesserte i fotball, og det å få jobba med Sogndal Fotball er ein stor fordel for oss. 

Me observerer at blant folk på vår alder og dei som er yngre, så er det mange som tvilar på å søke på medialinja fordi det er så mykje usikkerheit rundt den. Grunnen til at søkjartalet i Sogndal har minska, er nettopp fordi Sogndal vidaregåande ikkje har sikra tre år! Og det å ta vekk andreåret kjem ikkje til å gjere Sogndal meir attraktiv. 

Me har blitt lova tre år i Sogndal av fleire lærarar. Etter at søknadsfristen har gått ut, kan me bli tvungne til å droppa ut eller flytta til Førde.  

Skulen har også nettopp kjøpt inn masse nytt utstyr, og det blir synd om me ikkje får nytta dette fullt ut. 

Ikkje alle kjem til å få så mykje i stipend, så det kan bli problem med at det er dyrt.  Medium og kommunikasjon-linja står i fare for å bli lagt ned. 

Til toppen