VIL IKKJE SKADE MILJØET: Raudt stiller seg bak kommunane som seier nei til vindmøller, fordi dei ikkje vil ha skader på miljøet. (Foto: Flickr/ Danny Howard)
VIL IKKJE SKADE MILJØET: Raudt stiller seg bak kommunane som seier nei til vindmøller, fordi dei ikkje vil ha skader på miljøet. (Foto: Flickr/ Danny Howard) (Illustrasjonsfoto: Foto: Flickr/ Danny Howard)

MEININGAR

Ope brev til Vestlands-partia; nei til vindkraft!

Raudt Vestland stiller seg saman med kommunane som seier nei til vindkraft, fordi dei vil ikkje ha skadar på miljøet.  Korleis stiller dei andre Vestlands-partia seg? spør Raudt.

Kommunane seier nei til vindkraft, og det må Olje- og energidepartementet og regjeringa respektere. Kommunane seier nei fordi dei vil ikkje ha skader på miljøet og få øydelagt sine naturlandskap.

Raudt Vestland stiller seg saman med kommunane om dette. Korleis stiller dei andre Vestland-partia seg?

Vi kjenner til at Fjaler, Gulen og Høyanger i Sogn og Fjordane har teke til motmæle mot NVE sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraft. Dei vil ha sine område ut av ramma. Så langt har også Masfjorden og Lindås kommunar i Hordaland sagt det same. Fleire kommunar vil følgje opp.

Allereie no har også deler av fagrørsla, som LO Ytre Sogn, teke til orde mot vindkraft.  Raudt deler deira frykt for at vindkraft vil fremje eksportkablar og dermed prisauke. Det vil svekke mange bedrifter sin konkurransekraft, og ikkje minst kan dette gå ut over arbeidsplassane i kraftkrevjande industri.

Vil ta vare på miljøet og naturlandskapa og sikre arbeidsplassar

Raudt Vestland utarbeider no ei eiga høyringsfråsegn til departementet, der vi krev at Vestland-kommunane må ut av nasjonal ramme. Vi gjer det fordi vi vil ta vare på miljøet vårt og naturlandskapa våre, og fordi vi vil sikre arbeidsplassane. Våre kommunar har bidrege nok med sine naturlandskap for å sikre landet kraft.

Vi ber hermed om svar på om Vestland-partia vil sende inn høyringsfråsegn om nasjonal ramme for vindkraft før valet 9. september, og om høyringsfråsegnet er i tråd med haldninga til deira lokale partilag sitt syn, slik det kjem til uttrykk i nemnde kommunestyrevedtak.

  • Einar Rysjedal, 6. kandidat på fylkestingslista, Sogn og Fjordane
  • Jeanette Syversen, Bergen, 1. kandidat Raudt Vestland og leiar i Rødt Hordaland
  • Anders Hamre Sveen, Stryn, 4. kandidat Raudt Vestland og nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane
Til toppen