BARSK: Grå plast og barske detaljar gjer at Adam Rocks skil seg ut. Foto: Jan Harry Svendsen
BARSK: Grå plast og barske detaljar gjer at Adam Rocks skil seg ut. Foto: Jan Harry Svendsen

Opel Adam Rocks: Oppstyla underdog

Designbomba frå Opel har fått plast i snuten og rundt skjermane – men blir han på den måten pitbullen Opel treng?

  • Endret

Opels vesle Adam, som låner namnet frå sjølvaste grunnleggjaren av merket, gjer det ikkje så godt her heime. I 2013 blei det registrert 171 bilar, eit tal som fall til 92 i 2014. Dermed var bilen blant dei aller minst selde minibilane – ein posisjon han har klart å halde hittil i 2015. Berre Suzuki Alto sel dårlegare enn Adam i dette segmentet.

Artikkelen held fram under biletet

FARGERIKT: Lakkfargen går att også i interiøret på Adam.
FARGERIKT: Lakkfargen går att også i interiøret på Adam.

Premium

Med Adam ville Opel ha ein bit av marknaden for meir eksklusive minibilar. Dei skulle tilby premium til byturen, og dei ville vere eit alternativ til Fiat 500 og den trauste Volkswagen Up. Med Adam skulle Opel servere ein bil som kunne bli personleggjort slik at han blei akkurat slik som kunden ønskte seg. Spørsmålet er nok om ikkje vala blei for mange – og kundane for få. I alle fall her på berget kor bilar i denne klassen i all hovudsak dreier seg om transport.

Barskare

Bilen vi no har sett på, er årets modell – Opel Adam Rocks – og førebels den ukrona toppmodellen i Adam-serien. Høgare bakkeklaring, ein arbeidsvillig bensinmotor, utstyr i fleng og ein utsjånad som ingen unngår å legge merke til, gjer Rocks til ei barskare utgåve av ein småbil som kanskje blei litt for mykje søtsuppe i standardversjon.

Artikkelen held fram under biletet

HØGARE BAKKEKLARING: Opel Adam Rocks er heva 15 millimeter samanlikna med ein standard Adam.
HØGARE BAKKEKLARING: Opel Adam Rocks er heva 15 millimeter samanlikna med ein standard Adam.

Dei grå plastbitane mot den sennepsgule lakken gir bilen karakter, dei 15 millimeterane med auka bakkeklaring gir oss ei kjensle av at han er meir robust, og bak rattet krydrar dashbordet og midtkonsollen i den same fargen som bilen, kvardagen. Kjedeleg blir det vanskeleg å hevde at Opel Adam Rocks er.

Avgrensa plass

Spesielt praktisk kan ein heller ikkje påstå at han er. To personar – éin av dei med eit velutvikla shopping-gen – er alt som trengst for å ta denne bilen til grensene når det gjeld plass. Bagasjerommet er knøttlite, og baksetet er ikkje meir rommeleg enn at barn berre kan bli plassert her på kortare turar. Bak rattet er det likevel plass nok, og ute på vegen er bilen eksemplarisk. Enten du køyrer på jamn asfalt eller knudrete grusveg, er det moro bak rattet i dette sennepsgule knøttet. Ikkje minst fordi den tresylindra bensinmotoren passer bilen så godt. Dei 90 hestane er villige, samtidig som dreiemomentet er høgt nok til at ein kan velje ei giring som senkar turtalet under høgare fart. Då går også støynivået ned.

Artikkelen held fram under biletet

170 LITER: Bagasjerommet er knøttlite. Det tek berre 170 liter.
170 LITER: Bagasjerommet er knøttlite. Det tek berre 170 liter.

Fin motor

Om du legg opp til ein aktiv køyrestil, leverer Adam. Den tresylindra motoren knatrar ivrig og har ei fin effektkurve. Sjølv om han verkar frisk nok, bruker han bedagelege 12,2 sekund på sprinten frå 0 til 100 kilometer i timen. Likevel med mjuke vinterdekk montert. Det påverkar nok også køyreeigenskapane noko, men eigenvekta på rundt tonnet gjer han likevel lystig nok på svingete vegar.

Mykje utstyr

Ser ein bort frå visse avgrensingar rent plassmessig, er det altså lite å trekke for i tilfellet Opel Adam Rocks. Men prismessig verkar 229.900 kroner i overkant mykje – og med litt ekstrautstyr ser ein på ein bil som lett nærmar seg 270.000 kroner. Det er høg kilopris, sjølv om utstyrsnivået er nesten komplett.

(©NPK)
 

Til toppen