Open bakke på Filefjell

Bakkane på Filefjell var fylt til randen då det var gratis for alle søndag.

Og for Marthe Frydenlund Tønjum på sju år skulle det bli ein litt spesiell dag i skiheisen denne søndagen. For alle første gong skulle ho opp i det store trekket.

– Kjempemoro, sa ho då ho kom ned att ilag med mor og far. Litt knall og fall vart det nedover bakken, men ho mista ikkje motet av den grunn. Så ho skulle opp igjen, men først ville ho ta nokre rundar i barneheisen der ho kjente seg tryggare.

I eit samarbeid mellom DNB, Noregs skiforbund, Noregs Snowboardforbund og Alpinanleggenes Landsforening vart det arrangert «open bakke» denne søndagen. Det betydde at det var ein dag der heiskort var gratis for alle som meldte seg på.

Mykje folk

Anlegget på Filefjell var eitt av mange anlegg i landet som var med på arrangementet. 

– Dette er stor stas, seier Asgrim Oppedal, som er driftsleiar for skiheisen til Porten.no om oppmøtet. 

– Spesielt lærdølene er det mange av i dag. Dei er flinke til å bruka skianlegget, ikkje berre i dag, men heile sesongen, og det må dei ha litt ros for, legg han til.

Men det var ikkje berre lærdøler som hadde tatt turen opp i heisen. Også mange hytteeigarar og folk frå Valdres og frå nabokommunane kosa seg i flott vintervêr med eit par minusgrader.

God interesse

Oppedal fortel vidare at dei har seld om lag 500 gratiskort til folk som har meldt seg på «open dag» på førehand. Om lag 700 gjestar var det til saman, og saman tok dei 7500 turar med heisen.

Dette er ei 60 prosent auka i forhold til forrige gong dette var den 19. januar i fjor.

– Me er veldig nøgde med responsen og håpar dette aukar interessa for alpint, slik at fleire vil komma hit til oss i Tyin-Filefjell Skisenter endå meir, seier Oppedal.

Få skader

Det var også lagt opp aktivitetar for dei som er ferske med plankar under føttene. Sokneprest i Vang, Carl Philip Weisser stod for skiskule i regi av Vang alpingruppe for dei som ville ha innføring i snowboard.

Ekstra gledeleg var det for arrangøren at dagen gjekk bokstaveleg talt smertefritt utan ein einaste skade. Oppedal fortel at dei generelt har hatt få skadar så langt i vinter.

Til toppen