Aurland: Bakgrunnen for arrangementet var at stølar og stølsdrift er eitt av dei prioriterte tema i den nye kulturminneplanen til Aurland kommune.
I denne perioden hadde òg elevane ved Sogn jord- og hagebruksskule sommarkurs der. Her fekk dei lære å mjølke dei 42 geitene på gamlemåten, yste kvit ost og koke brimost.
Sjølv om sola glimra med sitt fråvêr hindra ikkje dèt folk i å kome seg ut på tur. I tillegg til turistane som gjekk heile dalen, kom det òg ein del bygdefolk innom.
Her fekk folk ta del i stølslivet: dei fekk kome inn i husa, kjøpe seg geitemjølkslappar, nyte kokekaffi, sjå på ostekoking og mjølking. I tillegg fekk dei sjå restaurering etter gamle teknikkar.