ULUKKE: Det var då operatøren skulle prøver frå ein elektrolyseomn det gjekk gale. Ulukka skjedde på metallverket til Hydro i Øvre Årdal. Biletet er frå Høyanger.
ULUKKE: Det var då operatøren skulle prøver frå ein elektrolyseomn det gjekk gale. Ulukka skjedde på metallverket til Hydro i Øvre Årdal. Biletet er frå Høyanger. (Foto: Norsk Hydro ASA)

Operatør fekk metallsprut i ansiktet

Frakta til Haukeland med luftambulanse.

Årdal: Ulukka skjedde i 17.15-tida onsdag, i samband med med prøvetaking i ein elektrolyseomn på metallverket i Øvre Årdal. Ein operatør fekk brannskader i ansiktet då han vart truffen av metallsprut.

– Det er alltid alvorleg når me har personskadar, det er noko me jobbar masse for å unngå, seier fabrikksjef Wenche Eldegard.

Den skadde vart sendt til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse, der han framleis er innlagt.

– Det står etter forholda bra til med han, seier fabrikksjefen.

Verksemda vil setta ned ein skadekommisjon for å granske hendinga.

Til toppen