FØLER SEG LURT: Sandra Opheim (MDG) meiner Arbeidarpartiet lurte Miljøpartiet Dei Grøne inn i eit samarbeid etter valet i 2015. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FØLER SEG LURT: Sandra Opheim (MDG) meiner Arbeidarpartiet lurte Miljøpartiet Dei Grøne inn i eit samarbeid etter valet i 2015. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Opheim: – Eit rote politisk spel

Sandra Opheim og Miljøpartiet Dei Grøne kjenner seg lurt av Arbeidarpartiet i Hydropark-saka. 

Årdal: Hydroparken vart ei symbolsak under valkampen i 2015, som til slutt enda med at Miljøpartiet Dei Grøne og Arbeidarpartiet inngjekk eit samarbeid. No ser det ut til at det samarbeidet er over – iallfall ifølgje Opheim.

– Me har ikkje noko samarbeid. Det har Arbeidarpartiet avslutta no. Dei fekk ordføraren, og då var dei nøgde, seier ho til Porten.no.

I avtalen, som Porten.no har sett, heiter det mellom anna at Arild Ingar Lægreid (Ap) skulle få halde fram som ordførar, og mest vesentleg for denne saka: alle friområde i kommunen skulle fredast.

– Rote politisk spel

På pressekonferansen då samarbeidet blei kunngjort, kom det tydeleg fram at Hydroparken ikkje skulle rørast dei neste fire åra. Men i ettertid har det vist seg at parken, som Hydro eig, ikkje er eit friområde per definisjon. 

– Det er ikkje tvil om at me gjorde ein avtale om Hydroparken. Ap var samde i at den skulle sparast viss dei fekk ordføraren, men no er det ikkje måte på kor fantastisk området er til å drive næring på, seier Opheim.

– Det har dei meint heile tida, for det innrømmer Hilmar Høl når han seier at han har visst det heile tida, og då innrømmer Ap at dei har lurt MDG inn i eit samarbeid. Dette er eit rote politisk spel, og eg er så utruleg skuffa over måten dei har gått fram på.

Hilmar Høl seier til Porten.no at han ikkje kjenner seg att i påstanden om at han har kjent til dette heile tida, men at han sjekka ut kva som var definisjonen i høve Hydroparken og at dette ikkje var eit friområde.

– Det er faktisk ein av dei tinga politikarar skal vite, og difor finn eg det vanskeleg at ein privat eigar ikkje skal få utvikla områda sjølve, eller med andre. Dette sa eg òg då saka vart lagt ut på høyring, fortel han.

– Har det lurt Miljøpartiet Dei Grøne, Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap)?

– Nei, det har me ikkje. Me kan ikkje ta ansvar for kva dei definerer i ein avtale. Det må dei faktisk ta ansvar for sjølv. 

Artikkelen held fram under biletet.

LURTE IKKJE MDG: Gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Marie Helene Hollevik Brandsdal, avviser at dei lurte Miljøpartiet Dei Grøne inn i eit samarbeid.
LURTE IKKJE MDG: Gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Marie Helene Hollevik Brandsdal, avviser at dei lurte Miljøpartiet Dei Grøne inn i eit samarbeid.

– Visste de at området var regulert som parkbelte i industriområde då avtalen vart underskriven?

– Nei, det visste eg ikkje, svarar ho.

– Me har sagt heile vegen at Hydroparken var noko me drøfta, så er det den skriftlege avtalen me meiner me forheld oss til. Me har fått klar saksomtale ved fleire høve som seier dette ikkje er eit friområde og eit område kommunen ikkje eig. Då er det klart me vurderer at det ikkje er ein del av avtalen. Dette er politikk, og då må me gå for det Ap meiner og trur på. 

Skal ikkje leggje band på medlemmane

Brandsdal seier Arbeidarpartiet står samla i denne saka i motsetnad til Senterpartiet som varsla i formannskapet at dei kom til å røyste delt når saka vert endeleg avgjort i kommunestyret seinare denne månaden.

Artikkelen held fram under biletet.

NEI, JA, NEI: Senterparti-gruppa var delt i formannskapet og seier dei ikkje kjem til å leggje band på medlemmane sine når det skal røystast i kommunestyremøtet.
NEI, JA, NEI: Senterparti-gruppa var delt i formannskapet og seier dei ikkje kjem til å leggje band på medlemmane sine når det skal røystast i kommunestyremøtet.

I formannskapet røysta Hilde Horpen og Erling Offerdal mot tilrådinga, medan Bjørn Havro sa ja.

– Eg synest ikkje det er rett å leggja noko band på medlemmane. Me veit kor delte innbyggjarane er, og då skal me ikkje tvinga nokon i vårt parti, seier Offerdal.

Alle tre seier dei neppe kjem til å endre meining fram til kommunestyremøtet. 

Til toppen