SØKJAR: Sandra Opheim (MDG) er ein av søkjarane til rektorvikariatet på Årdal VGS. Foto: Arkiv. 
SØKJAR: Sandra Opheim (MDG) er ein av søkjarane til rektorvikariatet på Årdal VGS. Foto: Arkiv. 

Opheim (MDG) har søkt rektorvikariat på Årdal VGS

Det er tre søkjarar til rektorvikariat på Årdal vidaregåande skule. 

Årdal: Det tre søkjarar til eit toårs-vikariat som rektor ved Årdal vidaregåande skule. 

Dei tre søkjarane vart annonsert fredag i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Tre søkjarar

Alle som har søkt på stillinga er busett i Årdal kommune. Politikaren frå Miljøpartiet i Årdal og varaordførar i kommunen, Sandra Oppheim, er ein av søkjarane til rektorvikariatet. I tillegg til å vere varaordførar, jobbar Opheim også som høgskulelektor. 

Politikaren og gruppeleiaren for Venstre, Kurt Jevnaker, har også søkt på stillinga. Han jobbar i dag som avdelingsleiar og finansiell rådgjevar. 

I tillegg søkte Henny Midtun på stillinga som i dag jobbar som jobbar som administrativ leiar. 

Til toppen