DYREVENER: Lisa Marie Hjellhaug (29) og dyrlege Ingjerd Bøkenes (49) på Sogn dyreklinikk.
DYREVENER: Lisa Marie Hjellhaug (29) og dyrlege Ingjerd Bøkenes (49) på Sogn dyreklinikk. (Bilde: Øyvind Nondal)

Opna dyreklinikk på Kaupanger

Ingjerd Bøkenes måtte leggja dyreklinikkplanane på vent då ho fekk kreft, men no kan ho endeleg realisera draumen.

NY DYREKLINIKK: Under opninga laurdag var det mange på besøk. Fleire bestilte time til kjæledyra sine.
NY DYREKLINIKK: Under opninga laurdag var det mange på besøk. Fleire bestilte time til kjæledyra sine. Foto: Øyvind Nondal

Sogndal: Det var i desember 2016 at Ingjerd Bøkenes fekk diagnosen brystkreft, men no har ho komme seg gjennom behandlinga og realiserer draumen om eigen dyreklinikk.

Ho seier til Porten.no at det følast nesten uverkeleg.

– Eg har veldig lenge fokusert på andre ting. Familie, born og det å komma seg gjennom behandling. Det har vore mange kortsiktige mål heile vegen, men no er eg der, i draumen.

Fekk tilbake engasjementet

Bøkenes seier det er mange som slit med utmatting etter den tøffe behandlinga. Ho kjenner at ho er meir sliten enn normalt, men har funne att kreftene der det slapp.

– Eg har fått tilbake engasjementet og lysten, eg brenn for å få denne jobben. Den er del av identiteten min, seier ho.

På klinikken skal dei behandle smådyr.

Hovudpasientgruppa vår er kjæledyr som hund og katt, men også andre smådyr og reptilar, seier Bøkenes som har investert halvannan million i moderne diagnostikkutstyr.

– Med det moderne utstyret kan vi gjera ting som muleggjer langt fleire behandlingar seier ho.

Første arbeidsdag er i morgon, måndag, og klinikken skal ha opent dagleg.  

Bøkenes rosar assistenten Lisa Marie Hjellhaug.

– Utan samarbeidet med ho ville det ikkje vore muleg å realisera klinikken. Lisa Marie er utruleg dyktig og har kjempetalent med å handtere dyr, og kundar ikkje minst, avsluttar Bøkenes.

Til toppen