Gulen: – Dørene til hytta opna 26. august. Når kring 300 personar har skrive seg inn i hytteboka, kan ein rekne med at ein god del har vore der og gått forbi utan å skrive seg inn, seier kulturkonsulent i Gulen kommune, Vivian Våge.
Sjå biletserie nedst i saka.
Fredag var det offisiell opning av dagsturhytta i Gulen, Gulakvila. Kring 150 personar tok turen til hytta, ifølgje Våge. Heile Eivindvik skule var med, i tillegg til ein del andre folk.
Turen starta ved kommunehuset og det var markering då følgjet kom til hytta. Maja Hjønnevåg Wesenlund song, medan fungerande ordførar Odd Harald Eide (Ap) stod for den offisielle opninga. I tillegg var representantar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane og Norsk tipping til stades.
Det har vore ein del dugnadsinnsats frå lokale krefter for å få i stand hytta, ifølgje Våge. Eivindvik idrettslag har gjort klar byggjetomta, medan enkeltpersonar har arbeidd frivillig på dugnad med ein terrasse rundt hytta. Prosjektleiar for Gulen kommune, Geir Haveland, har styrt dugnadsgjengen.