I GANG: Dei inviterte til opninga av Mannsberg kraftverk følgde interessert med då vatnet rann inn og francisturbinen starta opp. Foto: Ole Ramshus Sælthun
I GANG: Dei inviterte til opninga av Mannsberg kraftverk følgde interessert med då vatnet rann inn og francisturbinen starta opp. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Opna kraftverk bygd og basert på årdalskrefter

Vasskrafta ved Mannsberg kraftverk er sjølvsagt lokal, det same gjeld kreftene som har bygd "den flottaste, dyraste hytta" i Sletterustområdet. Måndag klipte ordføraren snora.

Årdal: - Det er Arvid Moss her. Me står klare på Mannsberg kraftverk, så då kan de køyra i gang, sa konserndirektøren i mobilen sin ståande i trappa på Mannsberg kraftverk måndag ettermiddag.

Dermed opna slusene, vatnet rann inn og turbinen køyrde i gang.

Aluminiumsproduksjon til 7000 bilar

Kraftverket skal gje ein gjennomsnittleg årsproduksjon på drygt 15 GWh og utnyttar vatnet frå reguleringhsmagasina i Mannsbergvatnet, Breibotnvatn og Kyrkjevatn. Fallet frå det nedste vatnet, Breibotnvatn, er 159 meter og vatnet går i ein 385 meter lang tunnel.

- Eg trur ikkje Eyde og Birkeland (grunnleggjarane av Hydro, red.anm.) brukte omgrepet "berekraftig" i 1905, men grunntanken er den same -  å utnytta norske naturressursar. Dette er på to måtar eit bidrag i det grøne skiftet - for det første er dette rein energi, for det andre skal elektrisiteten nyttast til å laga aluminium. Aluminumen gjer bilane lettare og blir såleis meir miljøvennlege, sa Moss.

Artikkelen held fram under biletet

RINGTE: Arvid Moss, konserndirektør innan Energi og forretningsutvikling i Norsk Hydro, tok ein telefon og vips så var Mannsberg Kraftverk i drift.
RINGTE: Arvid Moss, konserndirektør innan Energi og forretningsutvikling i Norsk Hydro, tok ein telefon og vips så var Mannsberg Kraftverk i drift.

Elektrisiteten som blir danna ved Mannsberg kraftverk er nok til aluminiumsproduksjon for 7000 bilar - eller til bruk i 700 husstandar, for å nytta ei meir vanleg måleeining.

Flott, dyr og inntektsbringande hytte

Kraftverket ser ut som ei stor hytte med glasfasade søraust som gir panaromautsikt over Sletterust.

- Det har blitt sagt at dette er den finaste hytta i området. Så har nokon svara at det også er den dyraste. Men så er det vel heller ingen andre hytter som gir så mykje pengar, sa Moss.

Olje- og Energidepartementet gav konsesjon i mai 2013 og to år seinare starta bygginga.

Artikkelen held fram under biletet

HYTTEUTSJÅNAD: Mannsberg Kraftverk ser ut som ei stor hytte og heile fasaden mot søraust er i glas, så dei som er innom har panoramautsyn over Sletterust.
HYTTEUTSJÅNAD: Mannsberg Kraftverk ser ut som ei stor hytte og heile fasaden mot søraust er i glas, så dei som er innom har panoramautsyn over Sletterust.

Lokale entreprenørar

- Det er vanleg å seia at ein set spaden i jorda, men her sette me spaden i snøen i juni 2015, sa Rune Bolstad, som har vore anleggsleiar og hatt ansvar for HMS.

Lokale krefter har hovudsakleg stått for sjølve bygginga; Kleiven Sogn har vore hovudentreprenør og nytta seg av underentreprenørar som Olav O. Hæreid, Bilfinger, Jon Hillestad  og Bernhard Strand. Småkraft i samarbeid med Hydro Energi har hatt regien for prosjektet.

- Me er glade for at me nytta oss av lokaleentreprenørar, me kjenner dei og veit kva dei står for, sa Bolstad.

- Hyttefolket vil nok bli svært nøgde

Ein kime til konflikt kunne vera at kraftverket ligg midt i eit tur- og hytteområde. Men det meiner Bolstad ikkje skal bli noko problem:

- Det som er bra med konstruksjonen er at vatnet går rett ned i turbingrua. Når me startar opp høyrer de kor lite støy det er. Hyttefolket vil nok bli svært nøgde, sa Bolstad.

Deretter var det ordføraren sin tur. Ettersom Mannsberg kraftverk er det nest største i Tyin reguleringsområde framheva Arild Ingar Lægreid viktigheita av kraftverket for industrien i bygda.

Artikkelen held fram under biletet

OPNA: Ordførar Arild Ingar Lægreid klipte snora, her saman med anleggsleiar Rune Bolstad.
OPNA: Ordførar Arild Ingar Lægreid klipte snora, her saman med anleggsleiar Rune Bolstad.

- Eg vil gratulera Hydro Energi med dagen. Me fekk denne saka på bordet i kommunen første gong 18.desember i 2008 så det tek tid og ein må halda ut når det skal byggjast kraftverk. Tyinutbygginga er grunnleggjande for industrien i området.

Så klipte ordføraren snora og konserndirektør Moss kunne iverksetja kraftverket over mobil.

 

Til toppen