INNTAKET: Deltakarane under opninga av Nivla kraftverk blir fortalde om den meir tekniske biten av bygginga - dette stod byggeleiar Jon Kvåle for. Foto: Ole Ramshus Sælthun
INNTAKET: Deltakarane under opninga av Nivla kraftverk blir fortalde om den meir tekniske biten av bygginga - dette stod byggeleiar Jon Kvåle for. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Opna lite kontroversielt kraftverk

– Det me høyrer no er lyden av pengar, sa styreleiar for Nivla kraftverk under opninga i dag.

Lærdal: – I god småkrafttradisjon opnar me dette kraftverket ei stund etter at det er sett i drift, sa styreleiar i Nivla kraftverk, Morten Karlsen før dørene inn til sjølve hjarta i kraftverket vart opna.

Kraftverket i Raasdalen på Ljøsne i Lærdal har ei lite kontroversiell historie til kraftverk å vera. Og det er ikkje sjølvsagt; Østfold Energi eig fallrettane i hovudvassdraget som er grunnlaget for kraftverket, medan fleire grunneigarar eig sidevassdrag og grunnen.

– Det har vore masse rettssaker rundt kraftutbygging med slike eigartilhøve, men her har grunneigarar og energiselskap gått inn i eit godt samarbeid. Me fekk den absolutt beste starten som gjekk an, fortalde Karlsen.

Artikkelen held fram under biletet

UTSIDA: Bygningen som husar generator og turbin ligg rett ved anleggsvegen opp til Kvevatnet, der Østfold Energi har ein av sine største dammar. Det er overskotsvatn frå denne og fleire dammar opp gjennom dalen som er grunnlaget for Nivla kraftverk.

– Bra for det lokale næringslivet

Såleis har dei fem grunneigarane som er med og Østfold Energi alle gått inn med innsatsmidlar og danna eit aksjeselskap. Partane har aksjar etter kor stor del dei eig. Med andre ord er grunneigarane meir direkte inne her; som oftast leiger grunneigarar ut eigedom til eit kraftselskap for ein viss sum.

Sjølv om kraftprisane er heller labre for tida, var alle ved godt mot då opninga av Nivla kraftverk - som vart sett i produksjon for tre månaders tid sidan - fann stad.

– Det me høyrer no er lyden av pengar, heldt Karlsen fram og nikka mot bygningen med turbinen og generatoren som gir den djupe brummelyden alle som har vore i nærleiken av kraftverk kjenner til.

Artikkelen held fram under biletet

HJARTA: Turbinen og generatoren er hjarta i kraftverket. Nedsenkja bak gitteret går røyret med vatn inn. Her er også ein "tryggleiksventil" som kan slå inn og føra vatnet ut så det omgår turbinen ved driftsstans. Dette er etter nye pålegg frå NVE.

Sjølve den offisielle opninga fekk dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling, Arve Tokvam, stå for.

– Ordføraren vart spurt først, men takka nei, så då er eg godt nøgd med å vera nummer to på lista, sa Tokvam.

Han var naturleg nok mest fokusert på ringverknadane slike utbyggingar får for næringslivet i Lærdal, mellom anna at den lokale verksemda Oskar Brugrand AS har stått som hovudentreprenør i utbygginga.

– Det gler meg at me har lokal kompetanse som kan ta ein jobb som dette. Og eg trur det er viktig med lokalkunnskap i slike prosjekt. Løysingane ein har kome fram til her ser svært bra ut miljømessig. Byggherren her, Østfold Energi, har vore godt etablerte i kommunen i mange tiår. Kraftverk som dette er med på å styrkja verksemder med langsiktige og attraktive arbeidsplassar. I tillegg gjev det kommunen skatteinntekter.

Artikkelen held fram under biletet

BLOMAR: Det blir alltid nokre blomeoverrekkingar under slike tilstelningar, her frå dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling, Arve Tokvam, til styreleiar for Nivla kraftverk, Morten Karlsen.
BLOMAR: Det blir alltid nokre blomeoverrekkingar under slike tilstelningar, her frå dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling, Arve Tokvam, til styreleiar for Nivla kraftverk, Morten Karlsen.

– Alt er lokalt

Sjølve opninga var av det tilhøvesvis enkle slaget; Tokvam opna ganske enkelt dørene inn til bygningen med turbin og generator.

Etter at deltakarane på opninga hadde sett på sjølve hjarta i kraftverket, gjekk turen opp til inntaket eit par kilometer lenger inne i dalen. Her var fokuset mellom anna på miljøaspektet. 

– Steinen som er nytta til å byggja opp att og gjera området fint kjem frå tunnelen med røyrgata. Det er ikkje importert stein, og samstundes ikkje lagd att massar med stein, sa Bjørn Røvik, kraftverksjef for Østfold Energi i Lærdal.

– Alt er lokalt. Det har heller ikkje kome nokre klager på denne utbygginga, og det er jo heller uvanleg, sa Karlsen.

– I dag er det fint vêr seier me når det regnar

Dei fem grunneigarane som er med i aksjeselskapet var til stades under opninga, mellom andre Petter Raa.

– Når ein blir med på noko slikt tenkjer ein på ein ny måte rundt til dømes straumprisar og vêr.

– I dag er det fint vêr seier me når det regnar no, fortel ein annan grunneigar, Finn Mo noko spøkefullt.

– Så er det spennande å vera med og produsera noko som tek utgangspunkt i vatn som renn forbi heimen din, held Raa fram.

Artikkelen held fram under biletet

SAMARBEID: Dei fem grunneigarane som er med i aksjeselskapet; Petter Raa (f.v.), Jan Mo, Finn Mo, Ivar Raa og Olav David Skjerping.
SAMARBEID: Dei fem grunneigarane som er med i aksjeselskapet; Petter Raa (f.v.), Jan Mo, Finn Mo, Ivar Raa og Olav David Skjerping.

Tre grunneigarar i området er ikkje med i aksjeselskapet, men kan kjøpa seg inn seinare - om dei ønskjer. 

Knut Skår har vore prosjektleiar for bygginga av Nivla kraftverk. Han serverte harde fakta under opninga. Kraftverket har ein kapasitet på 5 megawatt og er berekna til ein årleg produksjon på 12,5 gigawattimar i år med normalnedbør, noko som forsyner 600 gjennomsnittlege husstandar med straum.

Det er 188 meter fall på anlegget og 2100 meter røyrgate med kapasitet på 3300 liter i sekundet. Minstevassføringa i elva kraftverket tek vatn frå er 400 liter i sekundet sommarstid og 50 liter i sekundet vindterstid.

For bygginga av anlegget er det elektromekaniske utstyret levert av Spetals Verk, Brødrene Dahl leverte røyr og ventilar og Oskar Brugrand AS stod altså som huvudentreprenør. Sivilingeniør Jon Kvåle har vore byggeleiar.

Til toppen