FUKTIG: Grasbana var svært våt då Årdølene møtte Flisa på Jotun Stadion. Foto: Andreas Aannevik
FUKTIG: Grasbana var svært våt då Årdølene møtte Flisa på Jotun Stadion. Foto: Andreas Aannevik

Opna med siger på serieleiaren

Medan Fjøra fekk ein tøff start på sesongen mot 

Årdal – Flisa 4-1

Årdal: Raudtrøyene frå industribygda fekk ei best tenkeleg opning på haustsesongen med siger mot topplaget Flisa. 

Etter å ha tapt borteoppgjeret i vår fekk Årdal verkeleg vist kva dei er gode for med ein knusande 4-1-siger på Jotun stadion. 

Eit mål kvar frå Fredrik Aspeseter Sørli, Terje Kvam Øvstetun, Preben Strypet og Vegard Aafedt Bukve var det som skulle til etter at Simen Nordnes kva gjestane leiinga i kampen.

På den søkkvåte grasmatta hadde begge lag sjansar i opningsminutta, men det var altså gjestane som først fekk ballen i mål på frispark frå 18 meter.

Leiinga varte ikkje lenge, og berre fire minuttar seinare hadde Sørli utlikna. Etter ein jamn omgang gjekk laga til pause med det eine målet kvar, men då laga kom utpå bana att, var det vertane som var best.

Det fekk dei betalt for då timen var passert. Truls Hovland assisterte Øvstetun til 2-1. Same Hovlavd leverte også målgivande pasning til Strypet i det 72. minutt før Hovland fullførte hattricket av assists ved å vere nest sist på ballen på målet til Bukve også.

Dette var berre det andre tapet til Flisa denne sesongen. Flisa toppar framleis tabellen, men Årdal er no berre sju poeng unna ein 5. plass som kan gi fornya kontrakt i 3. divisjon neste sesong. 

Det er også verdt å nemne at 15 år gamle Eirik Lereng kom inn og fekk seks minutt. Dette var hans debut for førstelaget etter å ha meldt overgang til klubben i sommar.

Tap for Fjøra

Medan det blei jubel inst i Sogn med sifra 4-1, var det sure miner på Sunnmøre for dei same sifra.

4-1 var nemleg resultatet då Fjøra besøkte Aalesund 2 søndag. Etter at Anders Waagan gav sunnmøringane leiinga, svarte Kenneth Skjerven for Fjøra minuttet etter.

Men Aalesund 2 vart likevel for sterke. Berre fire minutt seinare i det 34. minuttet la Sondre Brunstad Fet på til 2-1 før same mann scora 3-1-målet. Kampen vart punktert då 4-1 kom i det 62. minuttet.

Fjøra har klart seg bra i 3. divisjon og ligg på ein 6. plass med 22. poeng, men både Hødd og Kristiansund FK kan gå forbi dersom dei vinn kampane sine måndag.

Sogndal 2 spelar også måndag. Dei har tatt 18 poeng så langt denne sesongen og møter Volda på Fosshaugane Campus. 

Til toppen