HIGH-FIVE: Per Magne Gullaksen har vore prosjektleiar for å få på plass brua over Tya, Anneli Nesteng er kraftverksjef i Hydro Energi. Måndag opna dei den nye brua over Tya på Moa med ein high-five. Foto: Ole Ramshus Sælthun
HIGH-FIVE: Per Magne Gullaksen har vore prosjektleiar for å få på plass brua over Tya, Anneli Nesteng er kraftverksjef i Hydro Energi. Måndag opna dei den nye brua over Tya på Moa med ein high-five. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Opna ny bru på plassen det kunne ha gått gale

Vegen som gjekk over Tya var eit populært tilskot i turområdet rundt Moa. Flaumen for to år sidan gjorde at vegen måtte rivast, men no er ny bru på plass.

Årdal: – Det var centimetrar unna at vatnet fløymde over. Hadde det skjedd, kunne me ha fått vatn i støyperiet. Då fekk me pålegg frå NVE om å fjerna vegen, seier Per Magne Gullaksen.

Han har vore prosjektleiar for bygging av den nye brua over Tya. Det hadde ikkje vore nokon form for veg eller bru over elva ved Moa sidan mellomkrigstida, men i samband med utbetringa av Tyin kraftverk kom ein veg over elva opp i 2004 for transport av tunnelmassar.

– Vegen skulle fjernast i etterkant, men så vart den populær - mange nytta stiane i området som trimløype, seier Gullaksen.

Sårt sakna

Men så kom flaumen i månadsskiftet oktober-november 2014. Då rann det så mykje vatn i Tya at dei tre røyra som sleppte vatnet gjennom nesten ikkje klarde å ta unna.

– Det var slik at me vurderte å setja opp ei gravemaskin - då kunne me ha kontrollert det noko lunde om vatnet rann over. Vatn i støyperia under ein støypeprosess ville ha vore livsfarleg, fortel Gullaksen.

Vatnet rann ikkje over, så den potensielle krisa vart avverga fordi ein tok gode nok tryggleiksmarginar då ein tappa ned ved damanlegget for Tyin kraftverk i førebyggjinga av den varsla flaumen.

– Me er forplikta til å tappa ned tilstrekkjeleg så me unngår flaum, seier kraftverkssjef, Anneli Nesteng. 

Men hendinga førte til at NVE gav pålegg om å fjerna vegen i fall liknande skjedde igjen. Det vart gjort i fjor haust, og dermed har det ikkje vore veg over Tya i området det siste året.

I ettertid har vegen vore sårt sakna, og difor starta Hydro Energi eit prosjekt for å få på plass bru der vegen gjekk. Med ei bru heller enn ein veg med røyr gjennom får vatnet fri ferdsel, og blir ikkje ein flaskehals og eit faremoment.

Artikkelen held fram etter biletet

30 METER: Brua er alt teken i bruk - den er 30 meter lang.
30 METER: Brua er alt teken i bruk - den er 30 meter lang.

Har kosta ein million - halvannan

Gullaksen fortel både kommunen og folk på bygda har etterlyst brua.

– Sjølve bygginga har gått svært fort, men prosessen i Hydro tek tid. For å få bygd denne brua no måtte den meldast inn til budsjettet i august i fjor.

Brua har kosta mellom ein og halvannan million, og er bygd av HMR, Norconsult har stått for prosjektering og Kleiven Sogn har vore entreprenør.

– Det blir gjerne venta at hjørnesteinverksemder som Hydro gir tilbake til bygda ved slike høve. Me snakkar jo om betydelege midlar, men me ville gjerne gjera ei gladsak ut av dette, seier Nesteng.

– Ein annan effekt av brua er at sjøaure kan gå opp og gyta i hølen ovanfor brua. Det kunne den ikkje gjera då det gjekk veg over elva tidlegare, seier Gullaksen.

No håpar han og Nesteng at brua blir flittig nytta.

– Kom deg ut og luft bikkja, er oppmodinga. 

Til toppen