BETRE FORHOLD: Stadleg leiar ved Lærdal sjukehus, Margun Thue, kan saman med brukarrepresentant Per Arne Skjeldestad konstatere at det er langt betre plass, lysare og trivelegare for dialysepasientane. FOTO: HELSE FØRDE
BETRE FORHOLD: Stadleg leiar ved Lærdal sjukehus, Margun Thue, kan saman med brukarrepresentant Per Arne Skjeldestad konstatere at det er langt betre plass, lysare og trivelegare for dialysepasientane. FOTO: HELSE FØRDE (Foto: Helse Førde)

Opna ny dialyseavdeling i Lærdal

Torsdag opna ei heilt ny dialyseavdeling ved sjukehuset i Lærdal.

– Ombygginga betyr betre forhold for både pasientar og tilsette. Lyse, fine og moderne lokale, betre plass rundt kvar behandlingsplass, større areal for vaktromsfunksjonar og ikkje minst dobbelt så stor kapasitet som tidlegare. Samla sett gjev dette betre pasientbehandling og høgare fagleg kvalitet, seier stadleg leiar Margun Thue i ei pressemelding

Tilbod i nærområdet

Ny, større dialyseeining har lenge stått høgt oppe på ønskelista for Lærdal sjukehus.

- Eg er veldig glad for at dette no er på plass. Når ein dialysepasient ofte får behandling tre gonger i veka, og kvar behandling i snitt tek meir enn fire timar, så seier det seg sjølv at det er viktig å ha eit slikt tilbod i nærområdet, sa administrerande direktør Arve Varden i samband med opninga.

Frå fire til åtte stolar

Den nye dialyseeininga har åtte dialysestolar, fordelt med seks plassar på hovudarealet og to plassar på nytt smitterom.

Ombygginga og nytt utstyr har til saman kosta nær fire millionar kroner. Lokala framstår moderne, lyse og trivelege for brukarane. Dei tilsette har godt oversyn og kontroll med pasientane frå vaktrommet gjennom ein glasvegg.

– Den nye dialyseeininga betyr mykje for denne pasientgruppa i Indre Sogn. For sjukehuset betyr etableringa svært mykje, og vi er stolte over at vi no kan tilby dialysepasientane våre eit endå betre tilbod enn tidlegare, seier Margun Thu

Til toppen